Tilbake til artikkelen

Tilbake til historikken

Andreas Pedersen Seierstad

Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Hallgeir Elstad 8. april 2017. Artikkelen endret 27 tegn fra forrige versjon.

Andreas Pedersen Seierstad, fødd i Hedrum, norsk teolog og kyrkjehistorikar, bror av Ivar Pedersen Seierstad. Han blei cand.theol. i 1921 og dr.theol. i 1924. Frå same år var han dosent ved Det teologiske menighetsfakultet og professor i kyrkjehistorie same stad frå 1945-60. Han var dekan frå 1946-54.

I tillegg til doktoravhandlinga Kyrkjelegt reformarbeid i Norig i nittande hundreaaret (1923) gavSeierstad ut Olavsdyrking i Nidaros og Nord-Europa (1930) og mindre avhandlingar om norsk kyrkjehistorie, særleg mellomalderen, reformasjonstida og 1800-talet, dei fleste prenta opp att samla i Fedrearv og kristenkall (1965). Han var medredaktør av Tidsskrift for teologi og kirke i 1930–60 og medlem av Den midlertidige kirkeledelse i 1943–45.