Versj. 13
Denne versjonen ble publisert av Filip Rotnes 24. februar 2025. Artikkelen endret 43 tegn fra forrige versjon.

Alfanumerisk er eit namn på noko som er sett saman av både alfabetiske og numeriske teikn, det vil seie bokstavane i det latinske alfabetet og siffera 0 til 9. Ordet blir mellom anna brukt om tastatur eller skjermar som inneheld både bokstavar og tallteikn.

Omgrepet vert somme gonger brukt så snevert at dei norske bokstavane Æ, Ø og Å (og andre særeigne bokstavar for andre språk) ikkje er omfatta, andre gonger vidt nok til å omfatte alle teikn som finst på eit standard tastatur (også ordmellomrom).