Harøya er ei øy i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Det er den største øya i den tidlegare øykommunen Sandøy, og ligg ytst på Romsdalskysten.
Harøya ligg vest for Harøyfjorden og er den nordlegaste og største av Nordøyane; 13,6 km2 og 946 innbyggjarar (2024). Lengst nord på øya ligg tettstaden Steinshamn. Fiske og industri er viktigaste næringar.
Natur
Øya er myrlendt og stort sett låg; berre den sørlegaste delen når over 25 moh. Høgast her er Harøyburet med 156 moh.
Det er fleire viktige naturreservat på Harøya og på Finnøya i nord, både langs strendene og inne på øya. Mange fuglearter rastar, overvintrar og hekkar her. Desse reservata er internasjonalt verna etter Ramsar-konvensjonen.
Energi
Ein vindkraftpark med fem turbinar vart sett i drift av Sandøy Vindkraft AS i 1999 (samla maksimal effekt 3,75 MW).
Samferdsel
Det er godt vegsamband rundt øya og bru over til Finnøya i nord. Det er bilferjesamband nord- og austover frå Finnøya til Sandøya, Orta og Ona, og dessutan til Småge på øya Gossen i Aukra kommune. Øya har samband sørover via Nordøyvegen som opna 16. juni 2022 med tunnel til Fjørtofta i Haram kommune. Ferjesambandet frå Myklebust på Harøya til Fjørtofta og til Brattvåg på fastlandet vart samstundes lagt ned.
Namnet
Namnet heng truleg saman med har, 'steingrunn' og horg, 'berghammar' og siktar til den sørlege, berglendte delen av øya.