Versj. 30
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 26. november 2024. Artikkelen endret 4 tegn fra forrige versjon.

Ona er ei øygruppe lengst nord i Ålesund kommune (tidlegare i Sandøy kommune) i Møre og Romsdal som består av dei to øyene Ona (med Onakalven) og Husøya.

Øyene ligg ytst mot havgapet på Romsdalskysten, i alt 0,8 kvadratkilometer med 15 innbyggjarar (2019), mot 56 personar i 2000. Det aller meste av befolkninga bur aust på øya. Like vest for den tette busetnaden på Ona ligg Ona fyr.

Det er vegsamband mellom Husøya, Ona og Onakalven, og det er bilferjesamband frå Ona sørover til dei øvrige øyene i Sandøy og til Småge i Aukra kommune.