Sivillovbokutvalet var eit offentleg utval, oppnemnt i 1953, som hadde i oppdrag å arbeide med utkast til lovgjeving om rettshøve på fast eigedom (tingsrett), panterett, odels- og åsetesretten.
Sivillovbokutvalet la fram ei rekkje rådsegn, som igjen har ført til nye lover, mellom anna sameigelova, pantelova og avhendingslova. Utvalet blei lagt ned i 1999.
Historie
I 1814 grunnlovfesta riksforsamlinga på Eidsvoll at det skulle lagast ei «almindelig civil og kriminal Lovbog». Arbeidet ble tatt opp av ein nedsatt lovkomité, men blei lagt bort i 1845. Tanken om å utarbeide ei norsk sivillovbok, ble likevel tatt opp igjen av Stortinget i 1949, og i 1953 ble det oppnemnt ein kodifikasjonskomité, Sivillovbokutvalet. Sjølv om utvalet la fram ei rekkje rådsegn som førte til nye lover, så blei det ikkje noko av Norsk sivillovbok. I samband med grunnlovsreforma ved 200-års jubileet for Grunnlova i 2014, blei føresegna om ei slik sivillovbok tatt ut av Grunnlova.
Rådsegn frå Sivillovbokutvalet
- Rådsegn 1 (1955) Om grannegjerde og om ansvar for visse slags husdyr
- Rådsegn 2 (1957) Om eigedomsretten i grannehøve
- Rådsegn 3 (1958) Om grannegjerde, endeleg framlegg
- Rådsegn 4 (1959) Om sameige
- Rådsegn 5 (1960) Om særlege råderettar over framand eigedom
- Rådsegn 6 (1961) Om hevd
- Rådsegn 7 (1962) Om hendelege eigedomshøve
- Rådsegn 8 (1970) Om pant
- Rådsegn 9 (1971) Om tomtefeste
- Rådsegn 10 (1972) Om odels og åsetesretten
- Rådsegn 11 (1973) Om odelsprosessen
- Rådsegn 12 (1979) Avhending av fast eigedom
- Rådsegn 13 (1984) Løysingsrettar
- Rådsegn 14 (1988) Eigedomsgrenser og administrative inndelingsgrenser
- Rådsegn 15 (1993) Ny lov om tomtefeste
Rådsegn frå Sivillovbokutvalget går gjerne under forkortinga «NUT» (norske utgreiingar).