Versj. 4
Denne versjonen ble publisert av Lars Mæhlum 16. august 2024. Artikkelen endret 364 tegn fra forrige versjon.

Vesturbyggð er ein kommune på Island, landets vestlegaste. Kommunen omfattar den sørlege delen av Vestfjordane, mellom Breiðafjörður og Arnarfjörður.

Lengst ute på halvøya ligg Látrabjarg med Islands vestlegaste punkt, Bjargtangar. Bjargtangar fyrtårn blei bygd i 1913 og er rekna for å vere det byggverket som ligg lengst vest i Europa. Látrabjarg er Europas største fuglefjell, 14 kilometer langt og opptil 440 meter på det høgaste. Utanfor Bjargtangar ligg havstykket Látraröst med farlege straumar.