Omega er den 24. og siste bokstaven i det greske alfabetet (Ω, ω). Lydverdien var i gamalgresk ein open, lang å-lyd (IPA-lydskrift: ɔː), til skilnad frå omikron (Ο, ο), som var ein kort å (IPA-lydskrift: o). I moderne gresk (nygresk) er uttala av omega og omikron lik, og dei læt om lag som norsk å (IPA-lydskrift: o̞).
Omega har verdien 800 i det greske talsystemet.
Uttrykket alfa og omega har fleire tydingar: 'det fyrste og det siste'; 'det som det framfor alt gjeld'; 'det viktigaste'. Uttrykket finn ein mellom anna i Bibelen i utsegner om Kristus for å særmerkja Kristus som opphavet til og målet for alle ting: «Eg er Alfa og Omega, seier Herren Gud» (Johannes' openberring 1,8; òg 21,6; 22,13). Motivet vart teke opp i kristen kunst, der ein ofte finn alfa og omega i samband med Kristus-monogrammet.