Versj. 16
Denne versjonen ble publisert av Korrigering av forfatterlister 20. juni 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Dike er ein jordvoll som skal verne lågtliggjande land mot overfløyming. I Noreg blir omgrepet flaumverk brukt om vollar som er laga for å flaumsikre elvar. For å førebyggje overfløyming ved flaum blir det gjerne bygd mellombelse dike av sandsekker.

Mest kjende er dika langs den danske, tyske og nederlandske Nordsjøkysten. Desse er laga til vern mot stormflod og for å tørrleggje grunt hav langs kysten. Særleg i Nederland er dike nytta til landvinning av store område som tidlegare var under grunt brakkvatn eller hav.

Omgrepet dike kan også brukast om dreneringsgrøfter.