Versj. 15
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 13. juni 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Bjørg er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Bjǫrg som tyder ‘berging, hjelp’.

Namnedag er 11. juni. Bjørge og Borgar har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Bjørg, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 14 171 kvinner i Noreg som hadde Bjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Bjørg var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 4 jenter som fekk namnet Bjørg.

Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. I tillegg til Bjørg – med topp 1935–1939 – gjeld dette til dømes Aud, Gerd, Gro, Gry, Gunn, Liv, Siv og Unn. Dei fleste har – som Bjørg – ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1935–1974.