Versj. 63
Denne versjonen ble publisert av Mats Linder 28. mai 2024. Artikkelen endret 600 tegn fra forrige versjon.

Ekornes er den største møbelprodusenten i Noreg. Firmaet produserer først og fremst stoppa møblar og madrassar. Den største suksessen deira er sitjekonseptet Stressless, som blir omsett over heile verda. Konsernet eig merkevarene Ekornes, Stressless, Svane og IMG.

Firmaet vart etablert på Ikornnes i Sykkylven i 1934, og har framleis ein av Norges største møbelfabrikkar der. Ellers har Ekornes fleire fabrikkar i Noreg og i utlandet. Med unntak av svenske IKEA er Ekornes den største møbelprodusenten i Norden med produksjon av madrassar, stolar, sofamøblar og skumplast.

Stressless blir selt i over 40 land gjennom salsselskap i Noreg, Finland, Storbritannia, USA, Tyskland, Frankrike, Asia (Bangkok, dekkjer fleire land), Kina, Japan og Australia.

I 1934 etablerte Jens Ellingsen Ekornes firmaet J.E. Ekornes Fjærfabrikk, som ein liten underleverandør av springfjører til den ekspanderande møbelindustrien på Sunnmøre.

I Sykkylven var det i mellomkrigstida fleire møbelprodusentar, og Ekornes, satsa i byrjinga på spinning av spralfjører til dei andre produsentane. På denne tida måtte alle møbelprodusentar i landet hente fjørene frå Austlandet, der Grorud Jernvarefabrikk i Oslo og Helly J. Hansen i Moss var to av hovudprodusentane. Metallfjører kunne like gjerne produserast i Sykkylven, meinte Ekornes. Han forhøyrde seg med lokale møbelprodusentar om dei kunne tenkje seg å kjøpe frå ein lokal entreprenør. Responsen var god, og Ekornes kunne gå i gang med sin eigen fjørfabrikk.

I 1934 kjøpte Jens sin første fjørmaskin frå Tyskland, etter å ha bygd den første fabrikkbygningen heilt nede i fjæresteinane på Ikornnes. Salet av fjører blei ein suksess, og frå å selje til lokale leverandørar, utvida Jens raskt til å selje til resten av landet.

Det første året hadde han tre tilsette. Tre år seinare lanserte Ekornes dei første fjørmadrassane i Svane-serien: Eva, Ideal og Rekord. Den vesle fabrikken klarte å etablere seg i ein stadig veksande marknad, og sakte men sikkert blei bedrifta utvida.

Etter ein tur til USA i 1946 hadde J.E. Ekornes med seg heim att eit beslag som fekk mykje å seie for produksjonen av sovesofaar. Samtidig gjekk fabrikken over til å bli meir maskinell. Ekornes klarte å rasjonalisere produksjonen og dermed selje produkta til ein rimelegare pris enn før. I 1946 omsette Ekornes for 250 000 kroner. Året etter hadde omsetninga auka til éin million. Over nokre år etter andre verdskrigen blei familiebedrifta Ekornes utvida med fleire avdelingar i andre kommunar.

I 1948 lanserte Ekornes Svane Sofaseng som fekk stor merksemd og selde godt i ei tid då mangelen på varer var stor. Tidleg i 1950-åra hadde firmaet ein sterk økonomisk vekst. Prisfordelar som lågare lønn enn på Austlandet og eit velfungerande nett med agentar spreidde over landet bidrog til dert. Rasjonaliseringsarbeidet føreteket på fabrikkgolvet resulterte i høgare produktivitet og lønnsemd. Effektiviseringa av produksjonen førte til kraftige innsparingar og meir konkurransedyktige prisar.

I 1952 kosta ein Svane-madrass 150 kroner til forhandlar, mens den same madrassen i 1959 kosta 135 kroner. Samme år startet produksjonen av skumplast. Denne ble brukt til egne produkter, men også solgt til andre.

For å dekke etterspørselen i Nord-Norge kjøpte Ekornes i 1955 Bodin Ullvarefabrikk, Bodø for produksjon av madrasser.

De første 25 åra skjedde mesteparten av produktutviklinga av eigne tilsette. Da fabrikken omkring 1960 begynte utviklinga av kombinasjonsmøbelet Combina, vart designaren Ingmar Relling kontakta. Fordi dei fleste premissa var lagde da Relling gikk inn i prosjektet, var oppgåva hans mest å skaffe møblane eit tiltalande ytre. Combina slo an og vart Ekornes sitt første viktige eksportmøbel.

Tidleg i 1960-åra ønskte Jens E. Ekornes å styrke firmaets merkevareidentitet. I 1961 ble bedriften omdannet til aksjeselskap og fikk navnet J.E. Ekornes Fabrikker A/S. Nevøen Jens Petter Ekornes vart spesialplukka til ei stilling i salsavdelinga. I staden for å markedsføre produkta via forhandlarane, gjekk dei heller direkte til forbrukarane. Resultatet var eit sterkare, landsdekkjande forhandlernett. I 1966 begynte Ekornes som første møbelprodusent dele ut produktinformasjon til alle norske husstander.

I 1962 begynte første byggetrinn av en ny fabrikk på Fetsund. Fem år senere begynte avdelingen med skumplastproduksjon. Samtidig ble det bygget en ny fabrikk på Fetsund for produksjon av nålefilttepper, og i 1969 flyttet madrassproduksjonen fra Ekornes til Fetsund.

I perioden overtok Ekornes også bedrifter som var konkurs eller i økonomiske vanskar, nemnast kan Lenestolfabrikken Solid, Sykkylven (1959) og Vik & Blindheim Møbelfabrikk, Sykkylven (1966). Ved slike oppkjøp kunne Ekornes utvide produksjonskapasiteten. I perioden 1960-1969 auka omsetninga frå ca. 15 millionar kroner til i underkant av 70 millionar kroner.

I 1969 byrja Ekornes utviklinga av eit nytt sitjekonsept. Ideen var å lage ein kvilestol med trinnlaus regulering for sete og rygg. Tidlegare forsøk hadde mislukkast, og Ekornes søkte difor ekstern kompetanse. Dette fann dei hos nyetablerte Møre Designteam i Sykkylven. Saman utvikla dei Ekornes sin trinnlause glidebane som regulerer sitjestillinga til stolen.

Etter ei tid designa dei modellane Stressless Global og Stressless Original (1971). Stressless Original vart raskt ein suksess og bidrog til at Ekornes vaks kraftig. I løpet av fire tiår har firmaet vidareutvikla dette sitjekonseptet til å omfatte ei rekkje kvilestolar i Stressless-serien.

Suksessen med Stressless førte til et behov for egne avdelinger for metallbearbeiding, mekanisk verksted og galvanisk arbeid. I 1970-årene ble Standa Lenestolfabrikk, Gjerde Møbler, Hanken Industrier og P.I. Langlos Fabrikker oppkjøpt. De følgende årene ble Ekornes et av landets mest aktive eksportselskaper, der USA og England var de viktigste. På dette tidspunktet var Ekornes landets desidert største møbelprodusent.

Jan Erik Lindgren vart tilsett som sjefdesignar i 1976. Frå at produktutviklingsavdelinga tidlegare samarbeidde med eksterne designarar, kunne Ekornes utvikle ei meir heilhetleg designlinje. Til ungdommen utforma dei den rimelege og nette Stressless Junior i hud og stålrør (1978). Stressless Globe fra 1979 var ei videreføring av Stressless Global fra 1971.

Allereie i 1980 omsette Stressless-serien for over 100 millionar kroner. Same året introduserte bedrifta den første Stressless-modellen med trefot.

I 1984 kjøpte Ekornes den svenske møbelprodusenten Ulferts. Tanken bak oppkjøpet var å få betre innpass på den tyske marknaden. Samtidig med oppkjøpet overtok Ekornes lisensrettane til Sacco-sekken. I åra som følgde, kom det fleire sofaar og stolar som likna på Sacco, mellom anna den godt polstra modellen Stressless Regent (1986). I 1984 kjøpte Ekornes også vest-tyske Erpo og i 1990 danske Domino.

I 1986 ønskte Ekornes å lage ein kolleksjon som appellerte til ungdommen. Saman med kleskjeda Bik Bok etablerte ein difor eit samarbeid rundt kolleksjonen Bik Bok Casa. Møblane vart marknadsførte som personlege, trendsettande og kontinentale. Gjennomgangsfargane var «pink, mint, blått, gult, hvitt, grått og svart». Formspråket var inspirert av 1930-åras modernisme med sirklar, sylindrar, trekantar og asymmetri.

Møblane vart produserte ved Ekornes og samarbeidspartnaren A. Huseby & Sønn, pluss ei rekke underleverandørar. Det viste seg raskt at ein ikkje klarte å imøtekomme etterspurnaden, og leveringane vart kraftig forseinka. Etter ei tid vart det bestemt å legge ned kolleksjonen for å satse vidare på rasjonell masseproduksjon, og ikkje minst på vidareutvikling av Stressless-konseptet.

Det kom i alt 23 nye Stressless-modellar i 1980-åra, noko som førte til ein anstrengd økonomi for Ekornes. For å snu på Ekornes' økonomiske utfordringar kom Jens Petter Ekornes tilbake som direktør i 1990.

I 1997 lanserte Ekornes madrassen Svane Stressless med innebygd Stressless-funksjon. Med gasslift og fjernkontroll som regulerte liggje- og sitjestilling til madrassen var soverommet for alvor blitt omgjort til ein liggjemaskin. Det same året kjøpte Ekornes Vestlandske Møbelfabrikk. Med på kjøpet følgde alle modellane, deriblant Ingmar Rellings kvilestol Siesta. Ekornes såg at dei kunne inkorporere stolen i Stressless-konseptet, og i 1998 lanserte ein Siesta Stressless. Stolen vart ingen større suksess og gjekk ut av produksjon etter få år.

I 1995 ble Ekornes notert på Oslo Børs. Kommende år førte til kraftig vekst. Omkring årtusenskiftet konstruerte bedriften avanserte produksjonsanlegg i Sykkylven. I 2004 kom den nye Stressless-fabrikken i drift, med en kapasitet på 2 000 stoler per dag. Samme år åpnet «Ekornes Bua», et permanent showroom i Ålesund.

Ekornes utviklar og produserer stadig produkt som utmerkjer seg både i komfort og funksjon. Forretningsideen til bedrifta er å tilby produkt som i pris og design vender seg til eit breitt publikum. Sidan midten av 2000-talet har mange Stressless-kvilestolar kome i storleikane liten, medium og stor.

Stressless Jazz frå 2007 var eit av dei viktigaste produkta det tiåret. Stolen skil seg ut på fleire måtar samanlikna med andre modellar. Setekonstruksjonen har referansar til både romfartsindustrien og formuniverset til 1920-talet («jazzalderen»). For Stressless Jazz fekk Ekornes utmerkinga Merket for god design i 2008.

Frå 2010-talet har Ekornes utvikla Stressless-konseptet i nye retningar, samtidig som grunnideen bak produktet er tydeleg. Nærmast eit paradigmeskifte var lanseringa av kolleksjonen med kontorstolar i 2013. Med fleire heimekontor vart behovet for sitjekomfort i heimemiljøet større. Under koronapandemien i 2020-2022 opplevde Ekornes historisk høye produksjonstall.

I 2017 var det svenske investorselskapet Nordstjernan AB største eigar, med 17,2 prosent av aksjane, medan det norske Folketrygdfondet sin eigardel var på 10,5 prosent. I 2018 vart Ekornes selt til det kinesiske selskapet Qumei Home Furnishing og teke av børs. I 2022 hadde Ekornes rundt 3200 tilsette og ei årleg omsetning på over 3 milliardar kroner.

  • Høidal, Eldar (2009). Ekornes: Fra springfjær til Stressless, Norsk Møbelfaglig Senter
  • Møller, Arvid & Thorseth, Lasse (1974). Jens fra Ekornes, Luther Forlag A.s.
  • Giske, Kari og Grytten, Harald (1987). Jens Petter Ekornes : mannen og bedriften, Bedriftsøkonomenes Forlag