Aure er ein kommune lengst nord i Møre og Romsdal fylke. Kommunen strekker seg frå Talgsjøen på grensa til Kristiansund i sørvest til fylkesgrensa mot Trøndelag i nordaust.
Aure består av ei rekke større øyar innanfor Trondheimsleia, nærare bestemt Tustna, Stabblandet, Storøya, Ertvågsøya, Grisvågøya, Lesundøya og Skardsøya, og likeins ei rekke mindre øyar. Til kommunen høyrer også fastlandet aust for øyane, på nordsida av Vinjefjorden.
Aure kommune blei oppretta i 1837 ved innføringa av det kommunale sjølvstyret. Valsøyfjord blei skild ut som eigen kommune 1894, likeins Stemshaug 1914. I 1965 blei Stemshaug igjen ein del av Aure, samstundes som Valsøyfjord og Tustnas område på Ertvågsøya blei innlemma i kommunen. I 1976 blei så Aures område på sørsida av Vinjefjorden (Engdal/Rodal) overført til Halsa. Dei noverande grensene fekk kommunen 2006 då Tustna kommune blei slått saman med Aure.
Aure grensar til Heim i Trøndelag i aust. Elles går kommunegrensene i fjordstrekningane omkring.
Natur
Berggrunnen i heile kommunen er av grunnfjellsopphav, men han er vesentleg påverka under den kaledonske fjellkjededanninga (kaledonske orogenese). Ytst mot Trondheimsleia består berggrunnen av djupbergartar (dioritt), medan han i resten av kommunen består av ulike gneisbergartar med ei tydeleg strokretning sørvest–nordaust, noko som er eit resultat av fjellkjedefaldinga i kaledonsk tid.
Landskapet er berglendt med toppar opptil 908 meter over havet på Stabblandet, 896 meter over havet på øya Tustna, 694 meter over havet på Ertvågsøya og 390 meter over havet på Skardsøya. Det høgaste punktet på fastlandet er Todalsfjellet (821 meter over havet) på grensa til Heim. Strandflata dannar for det meste berre ein smal brem under bratte bergsider, men er meir utvikla i dei vestlegaste delane av kommunen, først og fremst på Tustna. Aust- og sørvende fjellsider i dei indre delane er skogkledde med furu og bjørk. Den varierte naturen har bidrege til utstrekt hyttebygging. Kommunen har ein allsidig fauna med mange jaktbare artar, mellom anna ein av dei største hjortestammane i landet.
Busetjing
Jordbruksareala og det meste av busetjinga ligg på strandflata langs kysten. Det er relativt beskjeden busetjing i dei indre fjordstroka. Av befolkninga i kommunen i 2015 budde 57 prosent på øyane og 43 prosent på fastlandet. Folketalet fordelte seg dette året med 73 prosent på tidlegare Aure kommune og 27 prosent på tidlegare Tustna. Administrasjonssenteret Aure ligg på fastlandet.
Folketalet i Aure (med dagens grenser) nådde ein topp i 1940-åra, deretter har det stort sett vist nedgang. I tiårsperioden 2005–15 hadde Aure ein gjennomsnittleg vekst på 0,2 prosent årleg, mot 0,3 prosent på Nordmøre og 0,8 prosent i heile fylket.
Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det éin tettstad i Aure.
Tettstad | Innbyggjarar | Andel* | Areal |
---|---|---|---|
Aure | 610 | 18 % | 0,5 km² |
* Andelen av innbyggjarane i Aure kommune som bur i tettstaden.
Næringsliv
Primærnæringane står for 14 prosent av sysselsetjinga i Aure (2014). Dette er blant det høgaste i fylket.
Gardane blir ofte drivne i kombinasjon med andre yrke. Det aller meste av jordbruksarealet er eng til slått og beite, og den viktigaste driftsforma er storfehald med mjølkeproduksjon. Der er også noko sauehald. Fisket er av betydning i ytre delar av Aure, og fiskeflåten som høyrer heime i kommunen, førte i land ein fangst til ein verdi av 20,1 millionar kroner i 2013, i første rekke torsk og liknande fiskeslag. Ein vesentleg del av fangsten blir ført i land utanfor kommunen. Elles har Aure fleire fiskeoppdrettsanlegg.
Industrien i Aure omfattar 16 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 24 prosent dersom ein inkluderer bygge- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning (2014). Den klart viktigaste industribransjen er oljeraffinering og kjemisk industri med 61 prosent av industriarbeidsplassane i kommunen (2013). Bak denne høge prosentdelen ligg mottaksanlegget for gass gjennom røyrleidning frå Heidrunfeltet til Tjeldbergodden og anlegg for produksjon av metanol og luftgass, bioprotein, med meir. Verkstadindustrien hadde 30 prosent av arbeidsplassane innan industri i kommunen 2013, næringsmiddelindustrien seks prosent. Verkstadindustrien omfattar også eit par tradisjonsrike båtbyggeri i Mjosundet på Ertvågsøya.
Turisttrafikken i Aure er i vekst, det er mellom anna lagt til rette for fotturisme, jakt og sportsfiske og ikkje minst hyttebygging. Gjennom Aure kommune i aust vest retning går vandreruta Fjordruta med 5 DNT hytter. Aure er den viktigaste hyttekommunen i fylket, med rundt 1300 hytter (2015).
Aure har lite vasskraftproduksjon. Dei to vasskraftverka i kommunen produserer til saman 4,34 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Ålmo (i drift fra 2006), som står for om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen.
Av yrkesaktive som er busette i Aure, hadde 25 prosent arbeid utanfor kommunen i 2014. Åtte prosent arbeidde i Kristiansund, tre prosent i Trondheim, to prosent på Nordmøre elles og to prosent i Hemne i Sør-Trøndelag.
Samferdsel
Det er ferjefritt vegsamband til alle dei store øyane i kommunen, inkludert Tustna og Stabblandet, som i 2007 blei knytt til andre delar av kommunen ved bru over Imarsundet. Dette var ein viktig føresetnad for samanslåinga av Tustna og Aure i 2006.
Fylkesveg 680 går gjennom dei ytre delane av Aure frå Tømmervåg i vest, som har ferjesamband til Seivika i Kristiansund, til Kyrksæterøra og vidare til E39 ved Stormyra i Heim i aust. Frå Torset på Skardsøya fører fylkesveg 6184 vestover til Lesundøya, der fylkesveg 6194 går vidare til Grisvågøya.
Snøggbåten mellom Kristiansund og Trondheim har fleire daglege anløp i Kjørsvikbugen ved Tjeldbergodden.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
I Aure tettstad ligg Tustna Folkehøgskole.
Aure høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.
Kommunen er med i regionrådet Nordmøre regionråd saman med Averøy, Eide, Gjemnes, Halsa, Kristiansund, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll.
Aure kommune svarer til dei tre sokna Aure, Stemshaug og Tustna i Ytre Nordmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Aure til Nordmør fogderi (futedømme) i Romsdals amt.
Delområde og grunnkrinsar i Aure
For statistiske formål er Aure kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 20 grunnkrinsar:
- Aure: Grisvågøy, Lesund, Skarsøya, Kjørsvikbugen, Årvågsfjord, Stemshaug, Vean, Aure, Vik, Ertvåg, Vågos, Ålmo, Straumsvik, Vingsternes - Høvik, Fuglvåg
- Tustna: Sør-Tustna, Leira, Knarvik, Hals, Nord-Tustna
Historikk og kultur
I Aure er det gjort arkeologiske funn av busetjingar tilbake til eldre steinalder som dokumenterer at området inngjekk i Fosnakulturen. På 1600-talet, under hollendartida, var Aure ei kjend eksporthamn for tømmer. Kystkulturen, mellom anna med klippfiskproduksjon og båtbygging, har lange tradisjonar. Det var på Tustna den seinare så omfattande norske klippfiskproduksjonen starta då nederlendaren Jappe Ippes ved kongeleg resolusjon i 1691 fekk tilgang til å starte slik produksjon her.
Aure kyrkje, ei rikt dekorert krosskyrkje i tre frå 1924, er den største trekyrkja i Møre og Romsdal (800 sitjeplassar) og har eit alterskap frå 1460.
Namn og kommunevåpen
Kommunevåpenet (godkjent 2006) har ein klippfisk i sølv mot ein blå bakgrunn. Dette symboliserer klippfisktradisjonen. Dette er Tustnas gamle kommunevåpen med den endringa at klippfisken er i sølv (i staden for Tustnas tidlegare klippfisk i gull).
Namnet Aure kjem av det norrønt gardsnamnet Aurar, opphavleg fleirtal av aurr, ‘grus’. Dette viser til store grusmassar ved elvemunningar. Les også om tettstaden Aure.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Orten, Per Eilert og Helge Husby: «Den nye dagen gryr» : bygdabok for Aure [...], 2000
- Todal, Anders: Gardtales i Stemshaug, 1964
- Todal, Anders: Gardtales i Aure, b. 1, [1965?]