Versj. 48
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 2. april 2024. Artikkelen endret 2 tegn fra forrige versjon.

Ekornes er Noregs største møbelprodusent. Firmaet produserer først og fremst stoppa møblar og madrassar. Den største suksessen deira er sitjekonseptet Stressless, som blir omsett over heile verda. Konsernet eig merkevarene Ekornes, Stressless, Svane og IMG. Konsernsjef frå februar 2020 er Roger Lunde.

I 1934 etablerte Jens Ellingsen Ekornes firmaet J.E. Ekornes Fjærfabrikk. Det første året hadde han tre tilsette. Tre år seinare lanserte Ekornes dei første fjørmadrassane i Svane-serien: Eva, Ideal og Rekord. I 1948 lanserte Ekornes ein sovesofa som fekk stor merksemd og selde godt i ei tid då mangelen på varer var stor.

I 1969 byrja Ekornes utviklinga av eit nytt sitjekonsept. Ideen var å lage ein kvilestol med trinnlaus regulering for sete og rygg. Tidlegare forsøk hadde mislukkast, og Ekornes søkte difor ekstern kompetanse. Dette fann dei hos nyetablerte Møre Designteam i Sykkylven. Saman utvikla dei Ekornes sin trinnlause glidebane som regulerer sitjestillinga til stolen.

Etter ei tid utvikla dei modellane Stressless Global og Stressless Original (1971). Stressless Original blei raskt ein suksess og bidrog til at Ekornes vaks kraftig. I løpet av fire tiår har firmaet vidareutvikla dette sitjekonseptet til å omfatte ei rekkje kvilestolar i Stressless-serien.

Jan Erik Lindgren ble ansatt som sjefsdesigner i 1976. Fra at produktutviklingsavdelingen tidligere samarbeidet med eksterne designere kunne Ekornes utvikle en mer helhetlig designlinje. Til ungdommen utformet de den rimelige og nette Stressless Junior i hud og stålrør (1978). Stressless Globe fra 1979 var er en videreføring av Stressless Global fra 1971.

Allereie i 1980 omsette Stressless-serien for over 100 millionar kroner. Same året introduserte bedrifta den første Stressless-modellen med trefot.

I 1984 kjøpte Ekornes den svenske møbelprodusenten Ulferts. Tanken bak oppkjøpet var å få betre innpass på den tyske marknaden. Samtidig med oppkjøpet overtok Ekornes lisensrettane til Sacco-sekken. I åra som følgde, kom det fleire sofaer og stolar som hadde likskapar med Sacco, mellom anna den godt polstra modellen Stressless Regent (1986).

Det kom i alt 23 nye Stressless-modellar i 1980-årene, noko som førte til ein anstrengd økonomi for Ekornes. For å snu på Ekornes´ økonomiske utfordringer kom Jens Petter Ekornes tilbake som direktør i 1990.

I 1997 lanserte Ekornes madrassen Svane Stressless med innebygd Stressless-funksjon. Med gasslift og fjernkontroll som regulerte madrassens ligge- og sittestilling var soverommet for alvor blitt omgjort til en liggemaskin. Det samme året kjøpte Ekornes Vestlandske Møbelfabrikk. Med på kjøpet fulgte alle modeller, deriblant Ingmar Rellings hvilestol Siesta. Ekornes så muligheten til å inkorporere stolen i Stressless-konseptet, og i 1998 lanserte man Siesta Stressless. Stolen ble ingen større suksess og gikk ut av produksjon etter få år.

Ekornes utviklar og produserer stadig produkt som utmerkjer seg med omsyn til komfort og funksjon. Forretningsideen til bedriften er å tilby produkt som i pris og design vender seg til eit breitt publikum. Sidan midten av 2000-talet har mange Stressless-kvilestolar kome i storleikane liten, medium og stor.

Stressless Jazz frå 2007 var eit av dei viktigaste produkta det tiåret. Stolen skil seg ut på fleire måtar samanlikna med andre modellar. Setekonstruksjonen har referansar til både romfartsindustrien og formuniverset til 1920-talet («jazzalderen»). For Stressless Jazz fekk Ekornes utmerkinga Merket for god design i 2008.

Frå 2010-talet har Ekornes utvikla Stressless-konseptet i nye retningar, samtidig som grunnideen bak produktet er tydeleg. Nærmast eit paradigmeskifte var lanseringa av kolleksjonen med kontorstolar i 2013. Med fleire heimekontor blei behovet for sitjekomfort i heimemiljøet større.

Ekornes har fem fabrikkar i Noreg og fem i utlandet. Stressless blir selt i over 40 land gjennom salsselskap i Noreg, Finland, Storbritannia, USA, Tyskland, Frankrike, Asia (Bangkok, dekkjer fleire land), Kina, Japan og Australia. Med unntak av svenske IKEA er Ekornes Nordens største møbelprodusent med produksjon av madrassar, stolar, sofamøblar og skumplast.

I 1995 blei Ekornes notert på Oslo Børs. I 2017 var det svenske investorselskapet Nordstjernan AB største eigar, med 17,2 prosent av aksjane, medan det norske Folketrygdfondet sin eigardel var på 10,5 prosent. I 2018 blei Ekornes selt til det kinesiske selskapet Qumei Home Furnishing og teke av børs. I 2022 hadde Ekornes rundt 3200 tilsette og ei årleg omsetning på over 3 milliardar kroner.

  • Høidal, Eldar (2009). Ekornes: Fra springfjær til Stressless, Norsk Møbelfaglig Senter
  • Møller, Arvid & Thorseth, Lasse (1974). Jens fra Ekornes, Luther Forlag A.s.
  • Giske, Kari og Harald Grytten (1987). Jens Petter Ekornes : mannen og bedriften, Bedriftsøkonomenes Forlag