Versj. 14
Denne versjonen ble sendt inn av Lars Mæhlum 22. desember 2023. Innsenders kommentar til endringsforslaget: «Lenke». Den ble godkjent av Ola Nordal 29. desember 2023. Artikkelen endret 24 tegn fra forrige versjon.

Husqvarna AB er eit svensk industriselskap som utviklar, produserer og sel hage- og skogverktøy.

Selskapet blei grunnlagt i 1689, og er dimed ein av dei eldste bedriftene i Sverige. I perioden 1977–2006 var selskapet eigd av Electrolux, men er i dag eit eige aksjeselskap. Hovedkarteret ligg i Jönköping, Sverige.

Husqvarna driv no utvikling, produksjon og sal av hage- og skogbruksprodukt som motorsager, grasklipparar, jord- og snøfresarar, mobile sagbruk, med meir. Selskapet eig meir enn 2600 patent. I 2013 hadde Husqvarna ei omsetning på omtrent 54 milliardar svenske kroner og omtrent 14 000 tilsette.

Husqvarna blei grunnlagt i 1689 ved Huskvarna i Småland som kongeleg geværfabrikk. Selskapet var frå 1757 privateigd, men blei i 1867 aksjeselskap under namnet Husqvarna Vapenfabriks AB. I 1970 fekk det namnet Husqvarna AB, før det i 1977 blei overteke av Electrolux. Husqvarna produserte etter kvart òg ulike sivile varer, blant anna:

Det meste av våpenproduksjonen blei utskilt 1969 og overteke av fabrikkane til det svenske forsvaret, og den siste produksjonen av jaktvåpen stoppa i 1988. Produksjonen av symaskiner blei i 1997 selt til det svenske investeringsfondet Industri Kapital og innlemma i selskapet VSM Group under merkenamnet Husqvarna Viking. Sykkelproduksjonen blei i 1962 overteken av Monark. Etter salet til Electrolux blei òg produksjonen av ei rekkje hushaldsprodukt (komfyrar, kjøleskap, vaskemaskiner, med meir) flytta til det andre anlegget til Electrolux-konsernet, men Husqvarna blei behalden som varemerke.

Selskapet bygde sin første motorsykkel i 1903, og byrja i 1920 òg med eigenproduserte, kraftige motorar. Husqvarna var rundt 1930 kjent for raske roadracere med V-motor, og dessutan endurosyklar. I 1935 starta produksjonen av lette motorsyklar under namn som «Svartkvarna» (1946) og «Silverpilen» (1957), og mot slutten av 1950-åra òg motocrosssyklar, som svenske førarar vann fleire verdsmeisterskapar med dei to neste tiåra. Motorsykkelverksemda blei i 1987 overteken av italienske Cagiva, og var frå 2007 eid av BMW, frå 2013 har motorsykkelverksemda vore eigd av KTM og motorsykkelmerket Husqvarna blir framleis produsert i Austerrike og India