Versj. 10
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 29. desember 2023. Artikkelen endret 31 tegn fra forrige versjon.

Frøydis er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Frey-dís. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Frøy. Etterleddet tyder ‘dis; kvinne’.

Namnet vart tatt i bruk att i 1858.

Namnet har fleire variantar: Freidis, Freydis, Frøidis, Frøydis.

Namnedag er 18. februar. Fatima og Frode har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Frøydis, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 1 584 kvinner i Noreg som hadde Frøydis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 jenter som fekk namnet Frøydis.

Glanstida for dei nordiske samansette kvinnenamna var perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Frøydis var mest brukt 1950–1954, og dette var rett etter topp-perioden for dei fleste samansette namna.