Versj. 27
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 20. desember 2023. Artikkelen endret 10 tegn fra forrige versjon.

Fosnavåg er ein tettstad i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,1 km², og har 3524 innbyggjarar (2023).

Fosnavåg er administrasjonssenter i Herøy kommune på Sunnmøre og ligg rundt ein om lag 700 meter lang våg som skjer inn på nordsida av Bergsøya. Herøy kommunestyre vedtok 2002 bystatus for Fosnavåg.

Næringslivet er i stor grad basert på sjøfart, med hovudbase for fleire reiarlag, og fiske, under dette ein stor havfiskeflåte, fiskeoppdrett og fisketilverking. Tettstaden har òg skipsbyggjeri, likeins variert småindustri.

Avisa Vestlandsnytt kjem ut i Fosnavåg. Det er fylkeskommunal vidaregåande skule.

Namn. Fyrsteleddet av namnet er eit eldre namn på Bergsøya, norrønt Fólgsn, 'gøymestad' til norrønt fela, 'gøyme' eller 'skjule', siktar truleg til plasseringa ved den gode hamna på staden.