Versj. 19
Denne versjonen ble publisert av Stine Hovdenakk 15. september 2023. Artikkelen endret 29 tegn fra forrige versjon.

Sivert Knutsson Aarflot var ein norsk gardbrukar, folkeopplysar, lærar og publisist. Aarflot grunnla det fyrste trykkeriet på landsbygda, på Ekset i Volda i 1809. Han etablerte òg bibliotek, postopneri og bokhandel same stad. Boksamlinga si gav han til eit folkebibliotek for Volda og Ørsta, også dette det første på landsbygda i Noreg.

Siver Knutsson Aarflot voks opp i ein bondefamilie på Årflot i Ørsta. Han var i stor grad sjølvlærd, då den einaste utdanninga han fekk var 22 dagar i omgangsskulen. Aarflot arbeidde som skulehaldar i Follestaddalen i Ørsta i 1778-1793, då soknepresten og naturforskaren Hans Strøm meinte å sjå gode evner i Aarflot etter konfirmasjonen.

I 1798 vart Aarflot tilsett som lensmann i Volda. Han flytta samstundes til Ekset i Volda. Der vart det i 1805 etablert postopneri. Slik fekk Aarflot direkte kontakt med makt- og kultureliten i landet, noko som gav han gode og viktige alliansar i vidare arbeid.

I sjølvbiografien sin skriv Aarflot at det var Strøm som vekte interessa hans for opplysning. Denne interessa vart forsterka etter at han fekk tak i og las Lære-Bog i adskillige philosophiske og mathematiske Videnskaber av den tyske naturforskaren Gotthilf Reccard.

Aarflot opparbeidde seg etter kvart ei boksamling som han ønskja skulle vere til nytt for fleire. I 1797 vart desse innlemma i eit «Laane-Bibliothek i Ørstens sogn», som to år ettervart utvida til Volda hovudsokn. Dette biblioteket var truleg det første på bygda i Noreg, og slik eit viktig hjelpemiddel i folkeopplysningsarbeidet til Aarflot.

I tillegg til å stille si eiga private boksamling til disposisjon, heldt han føredrag for ungdom i bygdene om emne som agronomi, historie og astronomi.

Aarflot skreiv òg fleire stykke og skrift om landbruk og fiskeri. Desse fekk han trykt i Bergen og København, noko han opplevde som ei unødvendig hindring i folkeopplysingsarbeidet. Han søkte difor i 1807 kongen om løyve og privilegium til å etablere og drive eige trykkeri i Volda, noko han fekk innvilga året etter. Aarflot prenteverk på Ekset, etablert i 1809, vart dermed det første trykkeriet på bygda i Noreg. Før dette var trykkeria berre å finne i Trondheim, Kristiansand, Kristiania og Bergen. Fram til 1839 nytta 39 ulike forfattarar seg av trykkeriet på Ekset til sine utgivingar.

I 1810 starta Aarflot opp avisa Norsk Landboeblad, også denne fyrste i sitt slag. Dette skulle vere eit opplysningsblad for bønder. Over 80 prosent av innhaldet i bladet var meint som generelt opplysningsinnhald. Bladet hadde rund 600 tingarar ved inngangen av 1811.

Aarflot fekk i 1800 gullmedalje frå Det kongelige danske Landhuusholdingsselskab for bibliotekarbeidet. I 1802 vart han tildelt Kongens gullmedalje for «ædel Daad», etter å ha gjeve folk i bygda instruksjonar om korleis nytte ulike erstatningar i brødbakinga når kornet var mangelvare. I 1809 vart han utnemnd til Dannebrogsmand til heider for opplysningsgjerningane.

Folkeopplysning vart ei viktig arv for etterkomarane, til dømes gjennom sonen Rasmus Aarflot og dottera Berte Kanutte Aarflot. Både trykkeriet og avisdrifta er framleis i Aarflot-familien sitt eige. I Sivert Aarflot-museet på Ekset, som ligg på garden der han dreiv trykkeriet, formidlar Viti historia om Sivert Aarflot og om trykkjekunsten si rolle på landsbygda.

Les meir i Store norske leksikon
  • Fet, Jostein: Eksetiana : Aarflots prenteverk 1809–1935 : bibliografi og kulturhistorie, 2006
  • Nerbøvik, Jostein: Myndige møringar 1740–1870, 2004
  • Aarflot, Maurits: Sivert Aarflot og hans samtid, 1951.