Versj. 70
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 15. august 2023. Artikkelen endret 218 tegn fra forrige versjon.

Tynset er ein kommune i Innlandet fylke, i Nord-Østerdal, med grense mot Trøndelag i nord og nordvest, Folldal i vest, Alvdal i sørvest, Rendalen i sør og Tolga i aust. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1966 etter samanslåinga med det meste av tidlegare Kvikne kommune.

Hovudtyngda av busetnaden finst langs Glåma (Glomma), med tettstaden og administrasjonssenteret Tynset. Busetnaden er elles nokså spreidd i sidedalane.

Den nordlegaste delen omfattar Orklas dalføre til ti kilometer sør for Ulsberg. I vest grensar Tynset mot Folldal ved Høg-Gia (1641 meter over havet), ein utløpar av Dovrefjell. Herfrå går grensa mot Alvdal mot søraust, frå Auma og sørover følgjer det vasskiljet mellom Glåma og Tysla. Her ligg Brydalen og Tylldalen, som begge leier ned mot Rendalen. Heile austgrensa er mot Tolga. Glåmas dalføre mellom Telneset og Auma ligg i Tynset, og elva har her eit roleg løp, med fall frå 490 til 465 meter over havet på 20 kilometer.

Alt det vesentlege av berggrunnen er sterkt omdanna kambrosiluriske bergartar (fyllitt) med spreidde inntrengingar av magmatiske bergartar (gabbro og granitt). Fjellet Tron på grensa mot Alvdal (1665 meter over havet), den høgaste toppen i kommunen, er ein slik gabbrointrusjon. I kontaktsona ved dei magmatiske bergartane er det mange mindre førekomstar av kis som har vore drivne periodevis frå 1600-talet. Klebersteinsbrota i Kvikne har vore drivne sidan 500-talet fvt., og herfrå kjem mykje av byggematerialet til Nidarosdomen. Overflateformene er slake lier i fyllittområda, og meir steile dalsider, der bergartane er hardare, lengst i nord og sør.

Tynset er den einaste østerdalskommunen nord for Elverum som har hatt vekst i folketalet etter andre verdskrigen. I tiårsperioden 2013–2022 auka folketalet med 0,2 prosent, mot 1,5 prosent i fylket samla sett.

Jordbruket er ein svært viktig næringsveg. Det beste jordbruksarealet ligg ved Glåma, og veksten i tettstaden Tynset skjer i konflikt med jordbruksinteressene. Fyllitten er laus og gir opphav til god dyrkingsjord, men fordi Tynset ligg nokså høgt over havet, er jordbruket konsentrert om grasdyrking til mjølkeproduksjon. I gunstige år kan bygg modnast. Det blir òg halde ein del sau. Tynset har mest skogavverking av kommunane i Nord-Østerdal. Avverkinga var på 41 831 kubikkmeter i 2020 og er viktig for mange gardsbruk.

Industrien har mindre å seie i Tynset. Berre fire prosent av sysselsetjinga er i industrien, mot åtte prosent for fylket samla sett. To tredelar av industriarbeidsplassane er i næringsmiddelindustrien.

Tynset er ein relativt liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 319 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er to kraftverk i kommunen, Litjfossen kraftverk (i drift frå 1982) og Ulset kraftverk (1985).

Kommunikasjonsmessig ligg Tynset sentralt. Sørover går Rørosbanen og riksveg 3 til Elverum, begge langs Glåma. Jernbanen held fram nordaustover langs Glåma mot Røros. Riksveg 3 går nordvestover gjennom kommunen og til Ulsberg. Fylkesveg 30 går nordover gjennom Tylldalen frå Øvre Rendal, kryssar Glåma ved Tynset og held fram langs Glåmas vestside mot Tolga. Tynset bru, ei 125 meter lang fagverksbru i limtre med spenn på 70 meter opna i 2001. Det er mykje gjennomgangstrafikk på desse vegane, og dette har styrkt Tynset som turistområde. Ved Savalen er det bygd ut vintersportsanlegg.

Tynset har utvikla seg til å bli eit regionssentrum for Nord-Østerdalen. Her ligg Sjukehuset Innlandet Tynset. Frå 2019 er Norsk helsearkiv lokalisert på Tynset. Nord-Østerdal vidaregåande skule ligg på Tynset.

Tynset høyrer til Innlandet politidistrikt, Østre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Fjellregionen regionråd saman med Alvdal, Folldal, Os, Rendalen, Røros og Tolga.

Tynset kommune svarer til dei fire sokna Brydalen, Kvikne, Tylldalen og Tynset i Nord-Østerdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Tynset til Nordre Østerdalen fogderi i Hedemarkens amt.

For statistiske formål er Tynset kommune (per 2016) delt inn i fire delområde med til saman 30 grunnkrinsar:

  • Tylldalen – Brydalen: Brydalen, Tylldalen Sør, Tylldalen Nord
  • Tynset sør: Auma øst, Kjæreng, Sandbakken – Sandvold, Stasjonen, Holmen 1, Holmen 2, Haverslia 1, Haverslia 2, Haverslia 3, Hugudal, Østre Aaen, Telneset
  • Tynset nord: Auma vest, Fåset, Fådalen, Eggen vest – Moan, Eggen øst – Neby – Østby, Tunndalen, Aaen vest 1, Aaen vest 2, Øian, Lonåsen, Nytrøa
  • Kvikne: Kvikneskogen, Søndre Midtbygda, Nordre Midtbygda, Nerbygda

Kommunevåpenet (godkjent i 1985) har eit sølvfarga elghovud mot blå bakgrunn. Motivet speglar elgstammen i kommunen.

  • Grøtli, Mikael: Kvikne: Gårds- og slektshistorie, 2001.
  • Hagen, Olav Trygve, red.: Kvikne: ei bygdebok, 1951–1952, 2 bind. Les bøkene på nb.no
  • Streitlien, Ivar Amundsen og Grandum, Bjarne : Tynset bygdebok, 1972–, 5 bind. Les bøkene
  • Aaen, Tore: Tynset: en bygdehistorie, 1925. Les boka