Versj. 11
Denne versjonen ble sendt inn av Frode Mannsåker 4. juli 2023. Innsenders kommentar til endringsforslaget: «Det er en stygg feil i første setning. Mannsåker var RIKSARKIVAR, ikke riksantikvar. Ber om at lenken også blir kontrollert. ». Den ble godkjent av Ida Scott 24. juli 2023. Artikkelen endret 23 tegn fra forrige versjon.

Dagfinn Mannsåker var historikar og riksarkivar. Han gjorde ein viktig innsats for å byggje nytt riksarkiv på Kringsjå i Oslo.

Dagfinn Mannsåker var fødd i Ullensvang. Etter realartium valde han filologistudiet og tok embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1945, med historie hovudfag. I 1955 vart han dr.philos.

I 1945–1950 var Mannsåker adjunktstipendiat i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo, deretter forskingsstipendiat. Frå 1954 var han lektor ved Aars og Voss skole og i 1959–1965 universitetslektor i historie ved Universitetet i Oslo. I 1965–1982 var han riksarkivar.

Som historikar arbeidde Mannsåker særleg med 1800-talet. Alt i hovudfagsoppgåva om Jacob Aall kom denne interessa til uttrykk. I tida som stipendiat var han med på å gi ut den tekstkritiske utgåva av skriftene til lekmannsleiaren Hans Nielsen Hauge. Dei kom i åtte band frå 1947. Doktoravhandlinga Det norske presteskapet i det 19. hundreåret. Sosialhistoriske studiar var ein svært grundig analyse av rekrutteringa til presteskapet og vert omtalt som eit pionerarbeid i norsk sosialhistorie.

Den største oppgåva som riksarkivar var reisinga av Riksarkivet på Kringsjå. Bygget stod ferdig i 1978.

Han hadde mange tillitsverv og administrasjonsoppgåver, mellom anna var han redaktør for Historisk Tidsskrift 1955–1970 og formann i Den norske historiske forening 1966–1972. Vidare var han styreleiar for Noregs musikkhøgskole i ti år frå opprettinga i 1972. Sjølv var han ein habil cellist. Han hadde studert ved Musikkonservatoriet i Oslo og var aktiv orkestermusikar gjennom mange år. Mannsåker var òg aktiv i målrørsla. I 1958–1961 var han formann i Bærum Mållag og i 1960–1964 leiar i Kringkastingsringen.

For innsatsen for norsk kulturliv vart han heidra med St. Olavs Orden av 1. klasse i 1983. Dagfinn Mannsåker var bror til KrF-politikaren Bergfrid Fjose.

  • Skodvin, Magne (1996): «Minnetale over riksarkivar dr.philos. Dagfinn Mannsåker», Det Norske Videnskaps-Akademi. Årbok 1995. Oslo: Det Norske Videnskaps-Akademi