Versj. 39
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 13. mai 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Etnedal er ein kommune i Innlandet fylke, rundt 25 kilometer søraust for Fagernes, omkring elva Etna sitt øvre løp. Kommunen blir rekna tradisjonelt til Valdres, sjølv om topografien snarare bind kommunen saman med Land. Kommunen vart oppretta i 1894 ved utskiljing av Bruflat sokn frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn frå Nord-Aurdal.

Kommunen er del av landskapsområdet Valdres, og det øvre løpet av elva Etna renn gjennom Etnedal. Vest for Etnedal finst høgtliggande område mot Valdres. Nordaust i kommunen ligg delar av Synnfjell, som er eit fjellparti mellom Lillehammer og Fagernes. Den høgaste fjelltoppen er Spåtind, med sine 1414 meter over havet, på grensa mellom Etnedal og Nordre Land. Dei slake fjellformasjonane er danna av omdanna leirskifer og kalkfjell. I sparagmitten lengre sør og i grunnfjellsområdet lengst i sør blir dalsidene brattare. Jordbotnen har fruktbar fyllittmorene i liene og elveavsetningar i dalbotnen.

Busetnaden i Etnedal følgjer dyrkingsområda. Fyllitten gir god dyrkingsjord opp mot 800 meter over havet. Busetjinga er spreidd, men nokså samanhengande i hovuddalføra. Einaste tettstaden i kommunen er administrasjonssenteret Bruflat, rett nord for Tonsåsen. Etnedal er den minst folkerike kommunen i Innlandet. Folketalet i kommunen har vore jamt minkande sidan andre verdskrigen. I tiårsperioden 2014 til 2023 gjekk folketalet tilbake med 12 prosent, mot ein auke på 2 prosent i heile fylket.

Jordbruk og skogbruk har tradisjonelt vore viktige næringar i kommunen, og desse næringane sysselset om lag 11 prosent av dei yrkesaktive innbyggjarane (2021). I dei seinare åra er det etablert ein del småindustri i kommunen. Om lag 20 prosent er sysselsette i industri og bygge- og anleggsverksemd. Aven Tre AS har produksjon av lastepallar. Kommunen har òg noko turisme, og det er fleire reiselivsbedrifter i kommunen. Etnedal er ein stor hyttekommune, med 2550 fritidsbustader (2022). Talet på fritidsbustader er tre gonger talet på bustader.

Fylkesveg 251 går sentralt gjennom kommunen og møter Fylkesveg 33 mot Fagernes ved Høljerast bru like aust for grensa til Nordre Land. I nord fører fylkesvegar til Fagernes/Leira og Gausdal/Lillehammer.

Etnedal høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Valdresrådet saman med Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre.

Etnedal kommune svarer til dei to sokna Bruflat og Nord-Etnedal i Valdres prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Etnedal til Valdres fogderi i Kristians amt.

For statistiske formål er Etnedal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 12 grunnkrinsar: Lundstein, Bruflat, Breien, Byfuglia, Bøvarstogo, Svilosen, Flatøydegard, Rust, Bakkane, Brusveen, Bergene og Bergsbakken.

Av kulturminne i kommunen finn vi Bruflat kyrkje, som er ei krosskyrkje frå 1750. Kyrkja vart oppført på sin noverande stad i 1774. Landemerket Lunde bru er ei karakteristisk steinbru, bygd i 1829 som del av den gamle kongevegen til Bergen. Den Bergenske kongeveg er rusta opp frå Bruflat over Tonsåsen. Lunde bru er den lengste steinkvelvingsbrua i Nord-Europa. Brua er òg motiv i Etnedal sitt kommunevåpen.

Avisa Valdres er lokalavis for kommunane Etnedal, Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal. Ho kjem ut tre dagar i veka, med stoff både på bokmål og nynorsk.

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har ei kvelvingsbru i gull mot ein blå bakgrunn. Motivet viser til den gamle Lunde bru.

  • Hvattum, Harald: Gard og bygd i Etnedal, 1989–90, 3 bind. Les bøkene på nb.no
  • Islandsmoen, Olaus: Søre Aurdal og Etnedalen: noko tilfang til ei bygdesoge um Valdres, 1914. Les boka