Versj. 8
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 26. april 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Frøydis er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Frey-dís. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Frøy. Etterleddet tyder ‘dis; kvinne’.

Namnet vart tatt i bruk att i 1858.

Namnet har fleire variantar: Freydis, Frøidis, Frøydis, Freidis.

Namnedag er 18. februar. Fatima og Frode har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Frøydis, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1900 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Frøydis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.