Alfanumerisk er eit namn på noko som består av både alfabetiske og numeriske teikn, det vil seie bokstavane i det latinske alfabetet og siffera 0 til 9.
Omgrepet blir somme gonger brukt så snevert at dei norske bokstavane Æ, Ø og Å (og andre særeigne bokstavar for ande språk) ikkje er omfatta, andre gonger vidt nok til å omfatte alle teikn som finst på eit standard tastatur (også ordmellomrom).