Odda var ein kommune i tidlegare Hordaland fylke. Odda vart i 2020 ein del av Ullensvang kommune, etter å ha vorte slått saman med Jondal og Ullensvang, og den vart samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.
Odda kommune låg lengst søraust i Hardanger. Kommunen omfatta inste delen av Sørfjorden med Oddadalen innanfor, og dessutan Røldal i sør som geografisk sett utgjer øvre del av Suldalsvassdraget, likeins fjellområdet opp til vasskiljet på Folgefonna i vest og dei sørvestre del av Hardangervidda i aust.
Odda vart oppretta i 1913 ved deling av den dåverande Ullensvang kommune i tre: Kinsarvik, Ullensvang og Odda. Røldal, som hadde vore eigen kommune sidan 1837, vart i 1964 lagt til Odda.
Natur
Berggrunnen i den tidlegare kommunen tilhøyrer den kaledonske fjellkjeda og består av gneis i fire område: Sørfjorden sine bredder, Oddadalen innanfor og fjelltraktene vest for denne, eit smalt belte gjennom Valldalen/Røldal/Brattlandsdalen i sør og nokre mindre område på Hardangervidda i nordaust. Over gneisen ligg det skifrar (fyllitt og glimmerskifer) som er blotta på Hardangervidda i nord og aust. I fjelltraktene mellom Oddadalen og Røldal og i litt mindre utstrekking aust for Røldal finst skyvedekke av gneis.
Det er store lausavsetjinger i Oddadalen. I tettstaden Odda demmer ein mektig morene opp Sandvinvatnet innanfor Odda tettstad.
Busetjing
Busetjinga i den tidlegare kommunen er i særleg grad konsentrert til Oddadalen, med tettstadane Odda og Skare, som har høvesvis 4840 og 340 innbyggjarar (2020). Andre tettstader er (folketal 2020): Tyssedal (595) på austsida av Sørfjorden, seks kilometer nord for Odda, og Røldal (352). Odda fekk i 2004 bystatus etter kommunalt eigenvedtak.
Folketalet i kommunen gjekk ned frå midten av 1960-åra, hovudsakleg på grunn av redusert sysselsetjing i industrien og avgrensa alternative moglegheiter for sysselsetjing.
Næringsliv
Målt i sysselsetjing er industrien den største næringa i Odda nest etter offentleg administrasjon og tenesteyting. Tradisjonelt er industrien i Odda dominert av primær jern- og metallindustri i kommunesenteret, Eitrheimsneset og Tyssedal. Verkstadindustrien, vesentleg metallvareindustri, er òg av betydning i kommunen.
Odda har stor turisttrafikk både i tettstadene, langs hovudvegane og i fjellet. Tettstaden Odda er eit viktig handelssentrum og ei viktig eksporthamn for industriprodukt.
I den tidlegare kommunen er det ein svært monaleg kraftproduksjon, per 2019 var han på 3443 gigawattimar (GWh) i gjennomsnittleg årsproduksjon ved i alt 19 kraftverk. Størst er Tysso II kraftverk (1069 GWh). Opo gjennom Oddadalen og tilløpet Austdøla med den kjende Låtefossen er varig verna.
Historikk og kultur
Røldal stavkyrkje, frå tidleg på 1200-talet, er innvendig dekorert med rosemåling på vegger og tak. Der heng det òg eit krusifiks som er om lag like gamalt som kyrkja, og som frå slutten av 1200-talet drog til seg pilegrimar som meinte at krusifikset hadde lækjande kraft. Desse pilegrimsvandringane vart forbodne i 1835.
I Tyssedal ligg Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, som dokumenterer og formidlar historier knytte til vasskraftproduksjon og kraftkrevjande industri. Det årlege Litteratursymposiet i Odda vart første gongen arrangert i 2005. I Skjeggedal, aust for Tyssedal, ligg den særmerkte fjellformasjonen Trolltunga.
Den mest lesne lokalavisa i kommunen er Hardanger Folkeblad. Avisa, som vert redigert på nynorsk, har hovudkontor i Odda og dekkjer dei tidlegare kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord. Avisa kom ut med det første nummeret i 1949, og ved kommunerevisjonen 2020 kom ho ut tre dagar i veka.