Møre og Romsdal er eit fylke som omfattar kysten frå Vanylvsfjorden innanfor Stad i sør til øya Smøla og Tjeldbergodden i Aure på fastlandet i nord, og dessutan fjord- og fjellområda innanfor. Fylket grensar i nordaust og aust mot Trøndelag, i søraust mot Innlandet, i sør mot Vestland, og i nordvest mot Norskehavet.
Ei vanleg inndeling av fylket er den gamle fogderiinndelingen i Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Grensene mellom desse områda er noko modifiserte i kjølvatnet av kommuneendringane i siste halvdel av 1900-talet og seinare. For endringane i 2019 (Rindal) og 2020 (Volda, Halsa) gjeld det også grensene mot nabofylka.
Møre og Romsdal fylke fekk ein fast og eintydig geografisk avgrensing i 1704 etter å ha hatt ei noko uklar og varierande avgrensing og forvaltning frå 1660-åra då fylka (før 1919 kalla amt) vart etablert i kjølvatnet av innføringa av eineveldet i Danmark-Noreg. Også navnsettingen på fylket har variert. Det heitte til dømes Romsdals amt før 1919 og Møre fylke i åra 1919–1935.
Namnet Møre kjem av norrønt mærr, i dativ og akkusativ mærir, ‘land', truleg samanheng med norrønt marr, ‘hav', det vil seie 'landa ved havet' eller 'myrlandet'. Romsdal heitte i norrøn tid Raumsdalr som har samanheng med elvenamnet Rauma, kanskje av straumr, ‘straum'. Elvenamnet har antakeleg gitt namn til fjorden og i sin tur til dalen og området.
Geologi og landsformer
I det meste av fylket er berggrunnen gneisbergartar av grunnfjellsalder, men sterkt påverka i kaledonsk tid, sjå kaledonske orogenese. På Sunnmøre finst lommer med olivin (dunitt) og serpentin, likeins eklogitt. Dette er djupbergartar som er trengd gjennom eller blottlagt ved erodering av gneisdokkene.
I indre deler av Nordmøre, til dømes i delar av Sunndalsfjella og Trollheimen og i eit belte austover frå Stangvikfjorden gjennom Surnadal til fylkesgrensa, opptrer sterkt omdanna kambrosilurbergartar, ein går ut frå det store trønderske området med berggrunn av kaledonsk opphav. På Smøla finn ein diorittbergarter, gabbro og omdanna kambrosilurbergartar.
I Raudsand på vestsida av Tingvollfjorden i Romsdal var det drift på jernmalmførekomstar fram til 1982 i Rødsand Gruber, og i Vanylven er det drift på ein olivinforekomst som er blant Europas største. Begge desse førekomstane ligg i det prekambriske gneisområdet.
Berggrunnen i fylket vart under den kaledonske fjellkjedefaldinga pressa saman ved trykk frå nordvest, slik at det vart danna strøkretningar sørvest–nordaust. Samtidig vart det danna sprekkar på tvers av lengderetninga. Erosjonskreftene har, først og fremst i tertiær etter at den skandinaviske landsblokka vart heva, grave i desse strøk- og brotlinjene, og det vart på den måten danna eit forgreina system av djupe dalar og fjordar mellom høge og bratte fjellparti, og med ei rekkje store og små øyar utanfor.
I alle dei tre hovudområda av fylket når fjella over 1900 meter over havet: Puttegga på Sunnmøre (1999 meter over havet), Karitind (1982 meter over havet) på grensa mellom Sunnmøre og Romsdal og Storskrymten (1985 meter over havet) på Nordmøre, på fylkesgrensa mot Trøndelag og Innlandet. Heilt innan Romsdal er Kleneggen (1964 meter over havet) høgast.
Mest kjent av fjellområda i Møre og Romsdal er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella frå botnen av Tafjorden og sørvestover mot Reinheimen nasjonalpark.
Rundt 55 prosent av fylkesarealet ligg over den klimatiske skoggrensa, som stig frå cirka 200 meter over havet i dei ytre bygdene til cirka 600 meter i dei indre. Flatare område finst nedst i dalbotnen i dei mange korte dalane, i Sunndalen og Romsdalen, som har flate strekningar langt innover, og i den breiare Surnadalen. Større samanhengande lågland blir danna av strandflata i dei ytre delane mot kysten. Mykje av det er myrlendt, som ut mot kysten langs Hustadvika, på øya Gossa i Aukra og på Smøla. Av fylkesarealet er 4,3 prosent dyrka jord, 30,8 prosent skog, 3,8 prosent myr og 0,6 prosent varig snø og is.
Befolkning
Møre og Romsdals busetjingshistorie går tilbake til dei første steinalderbusetjingane i Noreg . Fosnakulturen har namnet sitt frå Kristiansund , der dei første funna frå eldre steinalder vart gjorde i 1909. Sidan har ei rekkje funn vorte gjord, dei aller fleste i ytre strøk.
I 1801 hadde Møre og Romsdal 57 300 innbyggjarar eller 6,5 prosent av den samla befolkninga i landet. Sidan har fylkets del av folkemengda i landet – med unntak av perioden 1845–1875 – vist nedgang. Delen var 6,4 prosent i 1875 og 6,1 prosent i 1900. Bak nedgangen i denne perioden ligg flyttinga til dei større byområda her i landet og framfor alt utflyttinga til Amerika. Nedgangen i fylkets del av befolkninga i landet heldt fram under det økonomiske tilbakeslaget i mellomkrigstida, men vart deretter følgt av ein lang periode med ein relativt sett stabil del av befolkninga i landet. Fylket hadde såleis 5,9 prosent av befolkninga i landet i 1950 og 5,8 prosent i 1970. Sidan har delen gått tilbake. Den var sokken til 5,4 prosent i 2001 og 5,1 prosent i 2015, og i 2020 var delen sokken til 4,9 prosent (med ny fylkesinndeling).
Sjølv om Møre og Romsdals befolkningsdel stort sett har vore i nedgang, har folketalet i absolutte tal heile tida vist auke. I dei 200 åra 1801–2001 auka folketalet i fylket med 226 prosent eller gjennomsnittleg 0,7 prosent årleg, og i tiårsperioden 2010–2020 med gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg mot 1,0 prosent i heile landet.
Etter andre verdskrigen har Sunnmøre og Romsdal hatt sterkast befolkningsvekst og dermed aukande del av folketalet i fylket. Sidan slutten av 1970-åra har dette gitt Sunnmøre over halvparten av befolkninga i fylket, og i 2020 var Sunnmøres del auka til 55,9 prosent mot 23,7 prosent i Romsdal og 20,4 prosent på Nordmøre (etter den nye kommuneinndelinga).
Eit anna aspekt ved befolkningsutviklinga i Møre og Romsdal er at ho stort sett går føre seg i og omkring dei største byane/tettstadene, medan områda på kysten og i dei indre fjordstrøka, særleg på Nordmøre, til dels har hatt nedgang eller ein mindre vekst enn elles i fylket. Det finst likevel unntak frå dette hovudbiletet. Etter tusenårsskiftet har til dømes fleire kystkommunar på Sunnmøre som Ulstein og Hareid og ein fjordkommune som Volda hatt ein betydeleg befolkningsvekst, likeins kystkommunane Aukra og Fræna/Eide (Hustadvika) i Romsdal.
Busetjinga i Møre og Romsdal er relativt tett på strandflata, det vil seie i låglandet på kysten, til dels også innover langs enkelte av fjordane og i dei lågare deler av dalføra innanfor. Ein stor del av befolkninga i fylket bur på øyar. Av dei 26 kommunane i fylket (frå 2020) ligg sju i sin heilskap på øyar, mellom anna Kristiansund. Dei indre delane av fylket, som i stor grad er fjellområde, er svært tynt busett.
Av befolkninga i Møre og Romsdal bur 73 prosent i til saman 87 tettstader (2019). Til samanlikning var tettstadsdelen for landet samla sett dette året 82 prosent. Dei tre største tettstadene er (folketal 2019): Ålesund, som omfattar den samanhengande tettgrenda Ålesund–Spjelkavik–Langevåg (53 234), Molde (21 103) og Kristiansund (18 273 innbyggjarar). Dei ligg alle ved utløpet av kvart sitt fjordsystem og er regionssenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. 17 tettstader til i fylket har over 2000 innbyggjarar. Av desse ligg elleve (rangert etter storleik); Ørsta, Volda, Ulsteinvik, Sykkylven, Nordstrand, Fosnavåg, Hareid, Stranda, Skodje, Brattvåg og Vatne på Sunnmøre. Tre tettstader i denne gruppa, Elnesvågen, Vestnes og Åndalsnes, ligg i Romsdal, og tre, Sunndalsøra, Skei-Surnadalsøra og Rensvik, på Nordmøre.
Språk
Møre og Romsdal fylkeskommune og fylkesmannsembetet i fylket har nynorsk som tenestemål. Det same har 22 av kommunane, medan 13 er språkleg nøytrale og éin (Eide) har bokmål som tenestemål.
Eit knapt fleirtal, 50,2 %, av elevane i grunnskulen i Møre og Romsdal har nynorsk som opplæringsmål, medan 49,7 % har bokmål. Av innvandrarspråk er polsk, litauisk, somalisk, arabisk og russisk dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.
På Sunnmøre er det over 98 % i nynorsk i alle kommunane utanom Ålesund. I Romsdal er det nynorskfleirtal i Aukra, Midsund og Vestnes kommunar. På Nordmøre er det nynorskfleirtal i Aure og Surnadal.
Det går eit skilje mellom dialektane på Nordmøre og dei som blir brukte lenger sør i fylket. Sunnmørsk og romsdalsk høyrer til dei vestnorske målføra og har e‑mål, medan nordmørsk høyrer til dei trøndske målføra og har kløyvd infinitiv. Sunnmørsk har ikkje tjukk l, romsdalsk har tjukk l av gamal l (sol), men ikkje av rð (bor), nordmørsk har tjukk l både av gamal l og delvis òg av rð. Romsdalingane seier i (for eg). I heile fylket er gamle former av dativbøying bevart. Palatalisering finst opphavleg både i trykksterke og trykksvake stavingar (bajllajnne), men er i tilbakegang.
Historie
Møre og Romsdal er eit sentralt fylke når det gjeld utforskinga av norsk kystbusetnad i steinalderen. Fosna, det eldre namnet på Kristiansund, har gitt namn til den såkalla Fosnakulturen, som strekte seg hovudsakleg frå Rogaland til Nordland. På buplassane, som er daterte til mellom 6000 og 8000 fvt., er det berre bevart reiskapar av stein og avfall etter reiskapsproduksjon. Flint var det viktigaste råstoffet.
Sagaene skildrar fleire stormenn frå fylket i vikingtida. Ifølgje Snorre Sturlason sette Harald Hårfagre Ragnvald Mørejarl til å styre både Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal. Son hans, Gange-Rolv, er i tradisjonen blitt oppfatta som same person som Rollo, som var hertug av Normandie. Begge skal ha vore frå Giske, som alt i folkevandringstida var eit maktsentrum i distriktet. Giskeætta var ei leiande stormannsætt i Noreg på 1100- og 1200-talet. Mot slutten av 900-talet stod slaget ved Hjørungavåg, der ein stor dansk hær skal ha blitt slått attende.
Tømmereksporten frå fylket var omfattande på 1600-talet. Frå slutten av 1700-talet voks Ålesund, Molde og Kristiansund fram som byar og senter for kvar sine futedøme. Kristiansund bygde seg opp på klippfiskeksport, med stor tilførsel av saltfisk frå Lofoten, medan Ålesund blei senter for den ekspanderande fiskerinæringa på Sunnmøre. Frå slutten av 1800-talet auka det på med havfiske på Storegga, og fiskarane i fylket tok tidleg i bruk ny fangst- og fartøyteknologi. I 1904 brann storparten av Ålesund. Denne bybrannen er den verste brannen i Noreg nokon gong, rekna i talet på nedbrende hus.
På Søre Sunnmøre oppstod tidleg eit ruralt intellektuelt miljø, då Sivert Aarflot starta prenteverk på Ekset i Volda i 1809 og gav ut Norsk Landboeblad. Fire år seinare blei Ivar Aasen, grunnleggjaren av nynorsken, fødd på Åsen, eit lite stykke unna. I 1861 fekk Volda lærarseminar. Utdanningstradisjonen i bygda blei seinare vidareført gjennom Høgskulen i Volda, som er den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim.
I midten av april 1940 gjekk britiske troppar i land på Åndalsnes. Planen var å ta att Trondheim frå dei tyske okkupantane gjennom ein knipetongoperasjon. Operasjonen var mislukka, men regjeringa, kongen og kronprinsen greidde å rømme frå Sør-Noreg via Romsdalen og Molde. Gullbehaldninga til Noregs Bank blei frakta same vegen. Tyske fly bomba Åndalsnes, Molde og Kristiansund og gjorde store skadar.
Næringsliv
Jord- og skogbruk
Vilkårene for jordbruk er varierande i Møre og Romsdal. Mange stader er det små samanhengande jordbruksareal og små bruk, særleg på Sunnmøre. I dei midtre og indre strøka av Nordmøre og på Romsdalshalvøya er det mange stader gode jordbruksområde med bruksstorleik om lag som landsgjennomsnittet. For fylket sett under eitt var gjennomsnittleg jordbruksareal per driftseining i 2019 på 215 dekar mot 252 dekar for heile landet.
Ein god del tungdriven jord og små driftseiningar har gått av bruk i fylket samtidig som det har vore ein god del nydyrking. Særleg Romsdal og Nordmøre har store reservar med dyrkbar jord, og ein reknar med at fylket har rundt åtte prosent av dyrkingsreservane i landet. Den viktigaste driftsforma er husdyrhald, og heile 97 prosent av jordbruksarealet vart i 2019 brukt til grasproduksjon og beite. Korndyrkinga er liten og utgjer berre 2,0 prosent av jordbruksarealet (2019).
Storfe er det viktigaste husdyrlaget. Møre og Romsdal har, etter Rogaland flest kyr i forhold til jordbruksarealet med 129 storfe per 1000 dekar mot 89 i landet samla sett (2019). Det blir halde ein del sau og på Sunnmøre også noko geit. Møre og Romsdal er etter Vestland og Troms nummer tre av fylka i landet etter talet på geiter.
Smøla har betydeleg dyrking av grønsaker på friland. I dei midtre og indre bygdene på Sunnmøre blir dyrka noko bær og frukt, ikkje minst har Fjord stor frukt- og bærdyrking. Også Molde har ein del bærdyrking, og har dessutan størst veksthusareal i fylket.
Av dei 4420 dekar med skogareal i fylket (2020) er litt under to tredelar klassifiserte som produktiv skog. Størst økonomisk betydning har denne på Nordmøre og i enkelte bygder i Romsdal, men tilveksten for fylket samla sett er forholdsvis låg. I 2019 vart det i fylket samla sett avvirket 266 200 kubikkmeter tømmer for sal. Av dette utgjorde gran 93 prosent.
Fiske
Fisket er ei viktig næring i Møre og Romsdal, og fylket har etter dei to nordlegaste fylka (Nordland og Troms og Finnmark) flest registrerte fiskarar i landet (2018). Når det gjeld talet på fiskefartøy, har også Vestland fylke fleire enn Møre og Romsdal, men det er verd å merke seg at medan Møre og Romsdal har 10,5 prosent av fiskefartøyet i landet, har det det 28,5 prosent av dei største båtane (over 28 meter lange).
Når det gjeld ilandførte fiskefangstar, er det berre Troms og Finnmark fylke som har større fangstar etter verdi enn Møre og Romsdal. I 2019 vart det ilandført fangstar til ein førstehandsverdi på 5353 millionar kroner eller 22,2 prosent av verdien av landets samla fangstar dette året. Torsk og liknande artar og dessutan pelagisk fangst, det vil seie fisk og andre organismar som lever i dei frie vassmassane, stod for høvesvis 33 og 58 prosent av førstehandsverdien av fangsten som vart ilandført i Møre og Romsdal.
I tillegg vart det i Møre og Romsdal i 2019 slakta oppdrettsfiskar til ein førstehandsverdi av 10 121 millionar kroner, det aller meste laks. Verdien av den slakta oppdrettsfisken i Møre og Romsdal utgjorde dette året 14,5 prosent av den samla verdien for heile landet.
Endringar i fiskegrunnlaget og ny teknologi har ført til eit stort behov for tilpassingsevne. Fiskarane i Møre og Romsdal har vore pionerar i denne samanhengen, både når det gjeld å starte fiske i nye farvatn, som til dømes ishavsekspedisjonar, og når det gjeld nye fiskeformer, som til dømes fabrikktrålarar. Det blir i dag fiska både langs norskekysten, i Nordsjøen, Norskehavet og i fjernare farvatn. Av fangsten ilandført i fylket går det meste til Ålesund, men også til mottaka i Hareid, Fræna, Sula og Herøy blir det ilandført betydelege mengder.
Industri
Det var gruvedrift på jernmalm i Rødsand Gruber ved Tingvollfjorden i Nesset kommune fram til 1982. Det er ei rekkje kalk- og marmorbrot i fylket, særleg på Nordmøre og i Romsdal. I Vanylven på Sunnmøre er det betydelege olivinforekomster i drift.
Historisk har ein betydeleg del av industrien i fylket vakse fram av husflid og handverk. Konfeksjonsbedrifter vart tidlegare drivne ved leigesaum i heimane, og møbelindustri voks fram frå småproduksjon. Med tida voks det fram industrimiljø som vart karakteristiske for området. Konfeksjonsindustrien var framståande i Romsdal, trikotasjeindustrien i Ålesund og Sunnmøre elles, og møbelindustrien i fjordbygdene på Sunnmøre. Fiskeria har på si side gitt opphav til råstofforientert industri som sildolje-, hermetikk- og klippfiskproduksjon og fiskevarefabrikkar. Det same gjeld industri orientert mot produksjon av varer for fisket, som båtbyggjeri, motorfabrikkar og fiskereiskapsfabrikkar.
Kraftutbygging har vore ein sterk impuls til industrireising i fylket, men likevel er det berre Hydro Aluminium på Sunndalsøra som tilhøyrer den kraftkrevjande industrien. Primær jern- og metallindustri er på den bakgrunnen avgrensa til 4,6 prosent av sysselsetjinga i industrien i fylket (2019).
I 2019 hadde Møre og Romsdal 21 819 sysselsette i industrien og er med det nummer tre blant fylka i landet etter sysselsetjing bak Rogaland og Vestland. Næringsmiddelindustrien, med 16,6 prosent av fylkets sysselsette i industri (2019), har tyngdepunktet sitt på kysten av Sunnmøre, særleg i Ålesund og Giske, og i Stranda, likeins lenger nord i fylket, særleg i Molde og Hustadvika i Romsdal og Kristiansund og Averøy på Nordmøre. Den tidlegare så viktige produksjonen av tekstil, klede, lêr og lêrvarer gir no arbeid til berre 3,5 prosent av dei sysselsette i industrien. Den har tyngdepunktet sitt i Ålesund-området og Herøy på Sunnmøre og elles i Rauma og Tingvoll.
Bransjane trevareindustri og møbelindustri, omfatta i alt 9,9 prosent av industriens sysselsette i 2019. Sykkylven kommune, med mellom anna Ekornes, har over halvparten av sysselsetjinga i fylket i desse to bransjane sett under eitt, 68 prosent av møbelindustrien åleine.
Verkstadsindustrien utgjer i alt 46,4 prosent av industrien i Møre og Romsdal etter sysselsetjing (2019), det aller meste i maskinindustri (18,3 prosent), bygging av skip og boreplattformer (14,5 prosent) og metallvareinndustri (9,9 prosent). Verkstadsindustrien finn ein i fleire av kommunane langs kysten, særleg på ytre del av Sunnmøre.
Eit av dei største industriprosjekta i 1990-åra, utbygginga av Heidrunfeltet på Haltenbanken med ilandføring av naturgass til Tjeldbergodden i Aure kommune og ei vidareforedling av gassen i ein metanolfabrikk, eit LNG-anlegg og ein luftgassfabrikk med meir, vart fullført i 1997. Ilandføringsanlegget for gass frå Ormen Lange-feltet på Nyhamna i Aukra, eit av dei største industriprosjekta nokosinne i Noreg starta drifta i 2007.
Skipsfart
Skipsfarten betyr relativt lite målt etter den samla tonnasjen som er registrert i Møre og Romsdal. Såleis utgjer den samla registrerte flåten i Møre og Romsdal i så vel handelsflåten som flåten utanfor denne, både i Norsk ordinært skipsregister og i Norsk internasjonalt skipsregister, 1,02 millionar tonn (2019) eller 7,1 prosent av den samla registrerte tonnasjen i landet dette året. Som næring vurderte betyr likevel skipsfarten mykje i fylket, og i 2019 var 3033 personar i fylket sysselsett i sjøfart. Dette svarer til 16,1 prosent av sysselsetjinga til sjøfarten i heile landet.
Samferdsel
Det sterkt oppskorne landskapet med fjordar og sund og mange øyar har vanskeleggjort samferdselen i Møre og Romsdal. Fylket har likevel eit relativt tett vegnett, særleg i ytre strøk, og har i alt 3559 kilometer europa-, riks- og fylkesvegar (2019). Dette utgjer 6,1 prosent av det samla nettet i landet av slike vegar. Vegane blir saman bundne av eit utstrekt ferjenett. Det er dei siste tiåra satsa sterkt på store bru- og tunnelprosjekt for å redusere ferjebehovet.
På Sunnmøre blir sambandet merka mellom Ålesund og dei folkerike øyane utanfor med mellom anna Ålesund lufthamn på Vigra (Vigrasambandet) og Eiksundsambandet som knyter Hareidlandet, Gurskøya og øyane i Herøy til fastlandet. Likeins har Kvivsvegen mellom Volda og Hornindal eliminert ei ferjestrekning på E39. På Nordmøre blir fastlandssambandet merka Krifast til Kristiansund.
Frå Ålesund går E136 via Åndalsnes til Dombås på E6, og frå Molde fører fylkesveg 62/riksveg 70 via Sunndalsøra til Oppdal på E6. Kristiansund har også samband via Sunndalsøra til Oppdal (riksveg 70), likeins via ferje over Halsafjorden til Trondheim (riksveg 70/E39). E39 bind fylket saman frå sørvest til nordaust og gir i tillegg til samband med Trondheim også tilknyting sørover til dei fleste av dei større tettstadene langs vestlandskysten. Åndalsnes er knytt til jernbanenettet gjennom Raumabanen til Dombås. Dette er fylkets einaste jernbanestrekning.
Dei tre store byane har flyplass: Ålesund lufthamn Vigra, Molde lufthamn Årø og Kristiansund lufthamn Kvernberget. I tillegg kjem småflyplassen Ørsta-Volda lufthamn, Hovden som ligg mellom dei to tettstadene.
Hurtigruten Bergen–Kirkenes anløper dei same tre byane, og dessutan Torvik på Leinøya i Herøy. Elles har Møre og Romsdal fleire lokale hurtigbåtruter, dei aller fleste med utgangspunkt i dei tre største byane i fylket.
Administrasjon, skular med meir
Molde er sete for fylkesmannen og fylkeskommuneadministrasjonen. Møre og Romsdal består av 26 kommunar: 13 på Sunnmøre, 5 i Romsdal og 8 på Nordmøre.
Fylket svarer til Møre bispedømme, oppretta i 1983, som består av dei seks prostia: Ytre Nordmøre, Indre Nordmøre, Molde Domprosti, Indre Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre som i alt har 97 sokn.
Fylket omfattar dei fire tingrettsdistrikta: Nordmøre, Romsdal, Sunnmøre og Søre Sunnmøre og eitt politidistrikt, Møre og Romsdal, som omfattar alle kommunane i fylket med unntak av Vanylven.
Politidistriktet består av 15 lensmannsdistrikt og tre politistasjonsdistrikt i høvesvis Ålesund, Molde og Kristiansund, og dessutan namsfuten i Ålesund (sjå namsmakt).
Det er 24 fylkeskommunale vidaregåande skular i Møre og Romsdal inkludert to fagskular, likeins tre private vidaregåande skular. Ein av dei fylkeskommunale er den tidlegare landbruksskulen på Gjermundnes i Vestnes. Folkehøgskulane står sterkt i fylket med seks skular; tre på Sunnmøre, éin i Romsdal og to på Nordmøre. Av dei seks folkehøgskulane byggjer fire på eit kristent gunnlag. Møre og Romsdal har vidare fleire høgskular: Høgskolen i Molde, Høgskolen i Volda, NTNU Ålesund (tidlegare Høgskolen i Ålesund) og BI-Møre i Ålesund med avdeling i Kristiansund.
Det er sjukehus i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda. Fylket har tre distriktsmuseum: Sunnmøre Museum i Ålesund, Romsdalsmuseet i Molde og Nordmøre Museum for Nordmøre. Dessutan er det fleire bygdemuse, mellom anna Brudavolltunet i Ørsta, Volda Bygdetun og Garverimuseet, Tingvoll bygdemuseum og Smøla museum og dessutan Ivar Aasentunet på grensa mellom Ørsta og Volda.
Dagsavisene i fylket er Tidens Krav i Kristiansund, Romsdals Budstikke i Molde og Sunnmørsposten i Ålesund. I tillegg har fylket heile 16 lokalaviser som kjem ut 1–3 gonger per veke. Tolv av desse blir gitt ut på Sunnmøre, i høvesvis Ørsta, Volda, Sjøholt, Langevåg, Brattvåg, Ulsteinvik, Fosnavåg, Valldal, Stranda, Sykkylven, Vanylven og Valderøya. To kjem ut i Romsdal, høvesvis i Åndalsnes og Vestnes, og to i høvesvis Sunndal og Smøla på Nordmøre. NRK Møre og Romsdal har distriktskontor i Ålesund og lokalkontor i Molde og Kristiansund.
Fylkesvåpenet
Fylkesvåpenet vart vedteke i 1978, og har tre vikingskip i gull sett framanfrå mot ein blå bakgrunn. Dette symboliserer skipsleia som tidlegare tiders viktigaste ferdselsåre i fylket.
Kommunar
Inndeling fra 2020 | Areal i kvadratkilometer | Innbyggjarar i 2020 |
---|---|---|
Molde | 1503 | 31 967 |
Ålesund | 607 | 66 258 |
Kristiansund | 87 | 24 179 |
Vanylven | 385 | 3 117 |
Sande | 93 | 2 461 |
Herøy | 120 | 8 900 |
Ulstein | 97 | 8 571 |
Hareid | 82 | 5 175 |
Volda | 877 | 10 473 |
Ørsta | 662 | 10 825 |
Fjord | 1191 | 2 549 |
Stranda | 866 | 4 523 |
Sykkylven | 338 | 7 625 |
Sula | 59 | 9 310 |
Giske | 41 | 8 462 |
Vestnes | 352 | 6 532 |
Rauma | 1 502 | 7 468 |
Aukra | 61 | 3 509 |
Hustadvika | 522 | 13 279 |
Averøy | 176 | 5 788 |
Gjemnes | 382 | 2 629 |
Tingvoll | 337 | 3 025 |
Sunndal | 1 713 | 7 036 |
Surnadal | 1 366 | 5 920 |
Smøla | 272 | 2 150 |
Aure | 641 | 3 507 |
I alt | 14 356 | 265 238 |
Største tettstader
Tettsteder | Innbyggere i 2019 |
---|---|
Ålesund | 53 234 |
Molde | 21 103 |
Kristiansund | 18 273 |
Ørsta | 7 390 |
Volda | 6 486 |
Ulsteinvik | 5 918 |
Sykkylven | 4 370 |
Nordstrand | 4 180 |
Sunndalsøra | 4 023 |
Fosnavåg | 3 563 |
Hareid | 3 434 |
Stranda | 2 981 |
Skei-Surnadalsøra | 2 809 |
Elnesvågen | 2 630 |
Rensvik | 2 543 |
Skodje | 2 523 |
Brattvåg | 2 481 |
Vestnes | 2 432 |
Åndalsnes | 2 416 |
Vatne | 2 379 |
Sjøholt | 1 450 |
Eide | 1 390 |
Isfjorden | 1 320 |
Tomra | 1 117 |
Hollingen | 1 111 |
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
Litteratur
- Døssland, Atle m.fl.: Fylkeshistorie for Møre og Romsdal, 1990–96, 3 b., isbn 82-521-4403-9, Finn boken
- Larsen, Pio, red.: Møre og Romsdal, 1977 (Bygd og by i Norge), isbn 82-05-06463-6, Finn boken
- Olafsen-Holm, Jørgen: Romsdals amt, Møre og Romsdal fylke, under kommunalt folkestyre, 1939, Finn boken