Versj. 14
Denne versjonen ble publisert av Kari Kamrud Jahnsen 13. april 2022. Artikkelen endret 266 tegn fra forrige versjon.

Bretonsk er eit språk som høyrer til den keltiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Bretonsk blir snakka i Bretagne i Frankrike og har i 1500 år vore det einaste keltiske språket på det europeiske fastlandet. Dei siste hundre åra har talet på dei som bruker bretonsk, gått kraftig tilbake, frå over ein million til kring 100 000.

Over 590 000 personar har ein viss kjennskap til bretonsk, men berre kring 100 000 nyttar språket til dagleg. Språket har ingen offisiell status.

Breizh er bretonsk for Bretagne. Språket heiter brezhoneg. 'Bretonsktalande' heiter brezhonegerez i hokjønn og brezhoneger i hankjønn. Den engelske kanalen heiter Mor-Breizh 'Bretagne-havet'.

Bretonsk høyrer til den keltiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Den keltiske språkgruppa har to levande greiner:

Gallobrittonsk og goidelisk blir òg kalla p-keltisk og q-keltisk fordi urkeltisk *kʷ blei til p i den første og til k i den andre gruppa. Urkeltisk *kʷenkʷe 'fem' blei til irsk cúig [kuːɟ] og bretonsk pemp.

Det finst fire bretonske hovuddialektar: kerneveg, leoneg, tregerieg og gwenedeg. Det er ein gradvis overgang mellom leoneg i nordvest og gwenedeg i søraust, med kerneveg og tregerieg som eit overgangsområde.

Norske språkforskarar har bidrege med viktige studiar av dialektar i Bretagne. Her kan nemnast Alf Sommerfelts Le breton parlé à Saint-Pol-de-Léon. Phonetique eit morphologie, Rennes 1921, Paris 1922.

I romantikken meinte ein at bretonsk var ei fortsetjing av oldtidas gallisk, men seinare kom ein til at språket kom frå Storbritannia med dei store immigrasjonsbølgjene på 400–600-talet.

Historisk blir språket inndelt i tre periodar: gammelbretonsk før 1000, mellombretonsk omtrent 1000–1650 og nybretonsk frå rundt 1650.

I dag blir bretonsk talt vest for ei nokolunde rett linje som ein kan trekkje frå Saint-Brieuc på nordkysten til Vannes på sørkysten. Språket blir gjerne inndelt i fire hovuddialektar etter dei gamle bispedømma: Léon, Tréguier, Cornouaille og Vannes. Vannes-dialektane skil seg særleg sterkt frå dei andre og har hatt sitt eige skriftspråk. Det er det to rivaliserande rettskrivingar som begge skal gjelde for alle dialektar.

Eit særdrag ved bretonsk og andre keltiske språk er konsonantvekslingane fremst i ord. Når vi set eigedomspronomenet va 'min' framfor kador 'stol', får vi va c'hador 'stolen min'. Set vi da 'din' framfor, får vi da gador 'stolen din'.

Bretonsk er – som norsk – eit V2-språk: Det finitte verbet (FV) er andre setningsledd i hovudsetninga.

Etter hovudregelen ligg trykket på nest siste staving i eit ord: marc'had [ˈmaʁxat] 'marknad'.

Bretonsk skil mellom korte og lange vokalar. Stort sett er vokalar lange i trykksterk staving framfor stemt enkeltkonsonant, og korte elles.

Ortografien skil ikkje mellom trong-midtre og open-midtre vokalar. Stort sett er open-midtre korte og trong-midtre lange: mell [ˈmɛl] 'stor', mel [ˈmeːl] 'honning', med nokre unntak.

Frå gammelbretonsk tid har ein ingen eigentleg litteratur, berre ein del glossear og inskripsjonar. Mellombretonsk må ha hatt ein relativt rik litteratur. Dei bretonske lais eller bardesongane vart kjende i heile Vest-Europa, men dei fleste av dei overlevde berre i omsetjingar, særleg til fransk. Dei gammalnorske «Strengleikar» frå Håkon Håkonssons tid er i hovudsak omsetjingar via fransk av bretonske lais. Frå sein mellombretonsk tid finst ein del religiøse mysteriespel om helgenar.

Den nybretonske litteraturen er ikkje stor, men ein snakkar gjerne om ein renessanse på 1800-talet. Det viktigaste som kom fram i denne perioden, var Hersart de la Villemarqués Barzaz Breiz (Bretagnes dikting, 1839), ei stor samling bretonsk folkedikting med fransk omsetjing, som kom til å påverke mange av Europas diktarar. På denne tida verka òg lyrikarane Auguste Briseux, François-Marie Luzel og Prosper Proux, alle med folkloristisk tilsnitt.

Frå 1900-talet kan nemnast Jakez Riour (noveller, skodespel, dikt), Tanguy Malmanche (skodespel), Youenn Drezen (romanar, memoarar, forteljingar), Maodez Glanndour (lyrikk), Jarl Priel (skodespel, romanar) og Per Jakez Helias (dikt, noveller). På Vannes-dialekten finst ein eigen litteratur; dens fremste representant er Jean-Pierre Calloc'h (lyrikk).

  • Eugène Chalm: La grammaire bretonne pour tous. Bordeaux 2009
  • John Haywood: The Historical Atlas of the Celtic World. London 2009
  • Roparz Hemon: Breton Grammar. Third English-language Edition. Cnoc Sceichín 2011
  • Roparz Hemon: Grammaire bretonne (nouvelle édition). Lannion 2004
  • Roparz Hemon et Ronan Huon: Dictionnaire breton / français – français / breton. Lannion 2006
  • Gwendal Denis, Hervé Le Bihan og Martial Menard: Le breton pour les nuls. Paris 2009
  • Kenneth Hurlstone Jackson: A Historical Phonology of Breton. Dublin 1986
  • Kenneth Hurlstone Jackson: «The phonology of the Breton dialect of Plougrescant», Études Celtiques, vol 9-2, 1961, s. 327–404
  • Fañch Morvannoù: Le breton sans peine (nouvelle édition), Tome 1 og 2. Chennevières sur Marne 1978 og 1980
  • Herve ar Bihan og Ian Press: Breton. The Complete Course for Beginners. Abingdon 2004
  • Stephen R. Anderson: «Verb-Second and Clause Structure in Breton». (Third Celtic Linguistics Conference, 2000), cowgill.ling.yale.edu: https://cowgill.ling.yale.edu/sra/bretonv2.pdf