Naustdal var ein kommune i Sogn og Fjordane. Den blei i 2020 ein del av Sunnfjord kommune, etter å ha blitt slått saman med Førde, Gaular og Jølster, og blei samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av ein landsomfattande kommunereform.
Kommunen omfatta nordsida av Førdefjorden og den eigentlege Naustdalen, som strekker seg som ein kile 35 kilometer nordaustover mellom høge fjell. Fjella danna grensa til Gloppen i nord og Førde/Jølster i sør.
Kommunen fekk grensene sine i 1964, då områda sør for Førdefjorden blei avstått til Førde og Vevring sin del av nordsida av fjorden blei tillagt.
Natur
Høgaste fjell i Naustdal er Blåfjellet, som ligg i nordaust på grensa til Gloppen. Toppen ragar 1390 meter over havet. Berggrunnen består hovudsakleg av gneis med eit par mindre område med gabbro og eklogitt ved Førdefjorden. Eklogitten er trengd opp gjennom gneisen i kaledonsk tid. Berggrunnen tilhøyrer Gneisregionen. Grønøyra naturreservat ligg ved utløpet av Nausta med sjeldne planteartar.
Busetnad
Busetnaden i den tidlegare kommunen ligg langs fjordsidene og oppover i Naustdalen, særleg i dei nedste del av dalen, som her har ein meir nord–sør retning. Tettast er busetnaden omkring det tidlegare kommunesenteret Naustdal, der Nausta munnar ut i fjorden.
Næringsliv
Naustdal er ei jordbruksbygd med mjølkeproduksjon og sauehald. Det finst ein del udyrka, dyrkbar jord. Den tidlegare kommunen har fleire bedrifter innan bygg og anlegg og dessutan handverk. Det er vidare steinbrot for eklogitt på Engebøfjellet med utskipingskai i Vevring. Nesten 60 prosent av dei yrkesaktive hadde arbeidet sitt utanfor kommunen ved kommunesamanslåinga, hovudsakleg i Førde.
Det er lite vasskraftproduksjon i Naustdal. Den gjennomsnittlege årsproduksjonen i kommunen var på 19 gigawattimar (GWh) i 2016. Det er fire kraftverk i den tidlegare kommunen og høgaste fallhøgde er 308 meter.
Samferdsel
Riksveg 5 Lærdal–Sogndal–Førde–Florø går gjennom den nedre delen av Naustdalen. Vegen går gjennom den 5940 meter lange Naustdaltunnelen til Svarthumle i Flora. Fylkesveg fører opp til dei øvste gardane i aust på 300 meter over havet. Riksveg 611 går langs Førdefjorden.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
Naustdal høyrde til Vest politidistrikt, Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.
Kommunen var med i regionrådet Samarbeidsforum i Sunnfjord saman med Flora, Førde, Gaular og Jølster.
Naustdal kommune svarer til soknet Naustdal i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kirke.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Naustdal til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.
Delområde og grunnkrinsar i Naustdal
For statistiske formål var Naustdal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 13 grunnkrinsar: Kvellestad, Vevring, Redal, Helle, Frammarsvik, Naustdal vest, Naustdal aust, Åse, Horstad vest, Horstad aust, Ullaland nord, Ullaland sør og Fimland.
Historikk og kultur
Naustdal har årleg kunstutstilling i Vevring. På Russeneset ved Ålesundet ligg eit friluftsområde med naturstiar. Naustdal kyrkje er ein langkyrkje i tre, som vart bygd i 1891 med portal frå 1200-talet i kyrkjegardsmuren. Vevring kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1846, som vart påbygd i 1946 og 1987.
Over Slettehaug ved Førdefjorden stod det største luftslaget i Noreg tre månader før frigjeringa i 1945. Her ligg Luftkampmuseet i Naustdal. Den 18. februar 1982 skjedde ei av dei verste rasulykkene på norske vegar då fire medlemmer av New Jordal Swingers mista livet.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet (godkjent i 1987) hadde eit blått skjoldhovud laga med breitt tannsnitt mot ein sølvfarga bakgrunn. Dette illuderte fiskenaust.
Namn
Første ledd i namnet er naust, ‘båthus’.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kleiveland, Geir: Naustdal bygdebok : gards- og ættesoge, 1995-99, 3 bind.