Etnedal er ein kommune i Innlandet fylke, rundt 25 kilometer søraust for Fagernes, omkring elva Etna sitt øvre løp. Kommunen blir rekna tradisjonelt til Valdres, sjølv om topografien snarare bind kommunen saman med Land. Kommunen vart oppretta i 1894 ved utskiljing av Bruflat sokn frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn frå Nord-Aurdal.
Natur
Kommunen er del av landskapsområdet Valdres, og det øvre løpet av elva Etna renn gjennom Etnedal. Vest for Etnedal finst høgtliggjande område mot Valdres. Nordaust i kommunen ligg delar av Synnfjell, som er eit fjellparti mellom Lillehammer og Fagernes. Den høgaste fjelltoppen er Spåtind, med sine 1414 moh., på grensa mellom Etnedal og Nordre Land. Desse slakare formene er danna av omdanna leirskifer og kalkfjell. I sparagmitten lengre sør og i grunnfjellsområdet lengst i sør blir dalsidene brattare. Jordbotnen består av fruktbar fyllittmorene i dalsidene og elveavsetningar i botnen.
Befolkning og busetjing
Busetjinga i Etnedal følgjer dyrkingsområda. Fyllitten gir god dyrkingsjord sjølv i dei høgare delane i nord, opp mot 800 moh. Busetjinga er spreidd, men nokså samanhengande i hovuddalføra. Einaste tettstaden i kommunen er administrasjonssenteret Bruflat, rett nord for Tonsåsen. Etnedal er nest etter Engerdal kommunen med den minste befolkninga i Innlandet. Folketalet i kommunen har vore jamt minkande sidan andre verdskrigen. I tiårsperioden 2009-2019 gjekk folketalet tilbake med 5,4 prosent.
Næringsliv
Jordbruk og skogbruk har tradisjonelt vore viktige næringar i kommunen, og desse næringane sysselset i dag om lag 12 prosent av dei yrkesaktive innbyggjarane. I dei seinare åra er det etablert ein del småindustri i kommunen. Om lag 20 prosent er sysselsette i industri og byggje- og anleggsverksemd. Aven Tre A/S har produksjon av lastepallar. Offentleg sektor står òg for mange arbeidsplassar, i tillegg til industri og bygg- og anleggsverksemd, som sysselset kring 20 prosent. Kommunen har òg noko turisme, og det er fleire reiselivsbedrifter i kommunen.
Samferdsel
Fv. 251 går sentralt gjennom kommunen og møter Fv. 33 med band til Fagernes (E 16) ved Høljerast bru like aust for grensa til Nordre Land. I nord fører fylkesvegar til høvesvis Fagernes/Leira og Gausdal/Lillehammer.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
Etnedal høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.
Kommunen er med i regionrådet Valdresrådet saman med Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre.
Etnedal kommune svarer til dei to sokna Bruflat og Nord-Etnedal i Valdres prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Etnedal til Valdres fogderi i Kristians amt.
Delområde og grunnkrinsar i Etnedal
For statistiske formål er Etnedal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 12 grunnkrinsar: Lundstein, Bruflat, Breien, Byfuglia, Bøvarstogo, Svilosen, Flatøydegard, Rust, Bakkane, Brusveen, Bergene og Bergsbakken.
Historikk og kultur
Av kulturminne i kommunen finn vi Bruflat kyrkje, som er ei krosskyrkje frå 1750. Kyrkja vart oppført på sin noverande stad i 1774. Landemerket Lunde bru er ein karakteristisk steinbru som blei bygd i 1829, som del av den gamle kongevegen til Bergen. Den Bergenske kongeveg er rusta opp frå Bruflat over Tonsåsen. Lunde bru er den lengste steinkvelvingsbrua i Nord-Europa. Brua finn vi òg att i Etnedal sitt kommunevåpen, med ei gullfarga brua mot blå bakgrunn.
Avisa Valdres er lokalavis for kommunane Etnedal, Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal. Ho kjem ut tre dagar i veka, med artiklar både på bokmål og nynorsk.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har ei kvelvingsbru i gull mot ein blå bakgrunn som symboliserer den gamle Lunde bru.
Kart
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Hvattum, Harald: Gard og bygd i Etnedal, 1989–90, 3 b. («Etnedalslitteratur»: band C, 439-74)
- Islandsmoen, Olaus: Søre Aurdal og Etnedalen, 1914
- Valdres bygdebok, 1954-, 8 b.