Prefiks er ein orddel (eit affiks) som står framfor ei rot eller ei stamme, som u- i uvenn og mis- i misforstå.
Prefiks og telefonnummer
Ordet prefiks blir òg nytta om del av kode eller liknande som står framfor resten. For eksempel er 00 utanlandsprefikset når ein skal ringje til utlandet.
Prefiks i norsk grammatikk
I norsk blir prefiks berre brukte i avleiing, ikkje i bøying, mens vi brukar suffiks i både avleiing og bøying – som i ordet utrulegast, superlativ av utruleg:
avleiing | avleiing | bøying | |
---|---|---|---|
prefiks | rot | suffiks | suffiks |
u- | tru | -leg | -ast |
Tysk brukar òg prefiks mest i avleiing, men prefikset ge- i perfektum partisipp ge-fund-en 'funne' uttrykkjer bøying. (Nokre forskarar reknar kombinasjonen ge-…-en som ein særskild type affiks som blir kalla sirkumfiks eller konfiks.) Mange av dei prefiksa vi finn i norske ord, er av tysk opphav, som an- i anfall, be- i bedekkje og ge- i geledd.
Framandord frå gresk og latin inneheld mange prefiks, som dei latinske ab- 'av, bort' i absolutt, ad- 'til, ved' i advokat, de- 'bort, ned' i deduksjon, in- 'inn, i' i integrere, inter- 'mellom' i internasjonal, per- 'gjennom' i perfekt, pre- i predikat og re- i refleks.
Det finst mange språk som brukar prefiks mykje meir enn dei germanske språka. I swahili og andre bantuspråk skjer det meste av bøyinga med prefiks, som i swahili nakupenda 'eg elskar deg':
bøying | bøying | bøying | bøying | |
---|---|---|---|---|
prefiks | prefiks | prefiks | rot | suffiks |
n- | a- | ku- | pend | -a |
'eg' | PRESENS | 'deg' | 'elske' | INDIKATIV |