Versj. 8
Denne versjonen ble publisert av Rolf Theil 19. november 2021. Artikkelen endret 37 tegn fra forrige versjon.

Infiks er i grammatikken ein orddel som står inne i rota til eit ord. Det har ein del av rota føre seg og resten av rota etter seg, utan å vere ein del av rota. Eit infiks er ein type affiks, og står i motsetnad til prefiks og suffiks.

Infiks kan brukast ved både bøying og avleiing. Dei står anten ved "kanten" av rota (etter første konsonant eller føre siste konsonant) eller i ei trykksterk staving.

Infiks er uvanlege i indoeuropeiske språk, og det best kjende eksempelet er eit nasal-infiks som mellom anna finst i infinitiv og presens av ein del latinske verb, mens det manglar i perfektum og perfektum partisipp. Det står føre siste konsonanten i rota, ved dette verbet ein c [k]:

  1. infinitiv: vincere 'sigre'
  2. presens: vinco 'eg sigrar'
  3. perfektum: vici 'eg sigra'
  4. perfektum partisipp: victum 'sigra'

Arabisk har infikset t, eit avleiingsaffiks mellom anna har refleksiv tyding. Det står etter den første konsonanten i rota, som i dette tilfellet er ein n ن :

  • nafaḍa نفض 'han rista av'
  • intafaḍa انتفض 'han rista av seg'
  • intifāḍa انتفاضة 'risting; opprør'

Khmer har mellom anna eit infiks ɑm, som står etter den første konsonanten i rota (i dette tilfellet ein s) og uttrykkjer kausativ:

  • slap ស្លាប់ ‘døy’
  • sɑmlap សម្លាប់ ‘drepe’ – dvs. "få til å døy"

Miskitu, som blir tala i Nicaragua og Honduras, har possessiv-affiks som er suffiks ved avhendeleg eigedom og infiks ved uavhendeleg eigedom:

  • bip 'ku'
  • bip-ki 'kua mi'
  • byara 'buk'
  • byaira 'buken min'