Husnes er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,4 km², og har 2181 innbyggjarar (2020).
Husnes ligg ved Husnesfjorden, ein del av Hardangerfjorden på vestsida av Folgefonnhalvøya. Husnes er ein industristad, og et skule-, handels- og servicesenter. Industrien omfattar mellom anna verkstadindustri og framfor alt metallindustri med hjørnesteinsverksemda Hydro Husnes, tidlegare Sør-Norge Aluminium AS.
I tettstaden ligg Husnes Sentrum Hotel. Husnes har golfbane og en populær båthamn. Husnes kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1874.
På Husnes kjem avisa Kvinnheringen ut.