Anniken Huitfeldt er ein norsk politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Ho var statsråd ved fleire departement under regjeringa Stoltenberg II, og er sidan 2021 Noregs utanriksminister i regjeringa Støre.
Ho er utdanna historikar, og er tidlegare leiar av AUF.
Bakgrunn
Anniken Huitfeldt er fødd i Bærum i Akershus (no Viken). Ho tok vidaregåande skule på Jessheim i 1985–1988. Ho er utdanna cand.philol. med grunnfag i statsvitskap og historie ved Universitetet i Oslo i 1989–1992, grunnfag i geografi ved London School of Economics i 1993 og hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo i 1993–1996, med ei oppgåve om Noregs haldningar til reorganiseringa i OECD i 1960. Huitfeldt var forskar i forskingsstiftinga Fafo i 2000–2005.
Politisk karriere
Huitfeldt var leiar av Ullensaker AUF i 1985–1988, deretter fylkessekretær i Oslo AUF i 1988–1989. Ho var òg medlem av styret i Akershus AUF i 1986–1990, deretter medlem av sentralstyret i AUF i 1990–1994. Huitfeldt var nestleiar i sentralstyret i AUF i 1994–1996 og leiar i 1996–2000.
Frå 2002 har ho vore medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet og var i 2007-2019 leiar av kvinnenettverket til Arbeidarpartiet. Ho var vararepresentant til Stortinget i periodane 1993–1997 og 2001–2005 frå Akershus, og har sidan 2005 hatt fast plass som stortingsrepresentant frå Akershus.
I perioda 2008–2013 var ho statsråd i regjeringa Stoltenberg II. Huitfeldt var barne- og likestillingsminister i 2008–2009, kulturminister 2009–2012 og arbeidsminister 2012–2013. Frå 2013 til 2021 var Huitfeldt leiar av Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget. Frå 2021 er Huitfeldt utanriksminister i regjeringa Støre.
Andre verv
Huitfeldt har vore medlem av sentralstyret i Norges Gymnasiastsamband (NGS) (no Elevorganisasjonen) (1987–1988), visepresident i International Union of Socialist Youth (2000–2001) og styremedlem i Redd Barna (2001–2005), Falstadsenteret (2000–2005) og NOAS (2003–2005).
Utgjevingar
I 2009 var ho redaktør av boka Skapsprengere, saman med Kurt Ole Linn, der 17 menneske skriv om det å vere homofil. I 2010 debuterte ho som forfattar med barneboka Fortellingen om Gro Harlem Brundtland. Jenta som ble Norges statsminister og hele verdens doktor.