Versj. 19
Denne versjonen ble publisert av Ida Scott 21. april 2021. Artikkelen endret 89 tegn fra forrige versjon.

Jernteppet var det usynlege ideologiske teppet som delte Europa i to fiendtlege blokker (austblokka og vestblokka) i etterkrigsåra, fram til 1989. Omgrepet jernteppet vart òg nytta om politikken som gjekk ut på å halde Sovjetunionen og austblokka isolert frå resten av verda.

Etter at den andre verdskrigen var slutt i 1945, okkuperte sigersmaktene – Sovjetunionen, USA, Frankrike og Storbritannia – kvar sin del av Tyskland. Snart dukka gamle politiske motsetnader mellom Sovjetunionen og vestmaktene opp. Den gjensidige mistilliten vaks, og i 1946 uttalte Winston Churchill, som hadde vore britisk statsminister under andre verdskrigen, at det hadde senka seg eit jernteppe over Europa. På den eine sida av jernteppet låg dei vesteuropeiske landa, i allianse med USA, på den andre sida dei austeuropeiske landa, kontrollerte av Sovjetunionen.

I 1949 oppretta dei tre vestlege okkupantane Forbundsrepublikken Tyskland (Vest-Tyskland), medan Sovjetunionen svarte med å skipe Den tyske demokratiske republikken (Aust-Tyskland). Frå 1949 til 1990 fanst det såleis to tyske statar. Den politiske spenninga vart intensivert då vestlege land danna NATO og kommuniststatane danna Warszawapakta. Under den kalde krigen var jernteppet både ideologisk og militært.

Berlin vart liggjande med éin del i aust og resten i vest. Over to millionar austberlinarar valde å flytte til Vest-Berlin, men i 1961 fekk austtyske styresmakter bygd ein 45 kilometer lang mur midt gjennom byen. Muren gjorde det nesten umogleg å krysse grensa til vest. Også landegrensene mellom Aust-Europa og Vest-Europa var strengt vakta.

Sist i 1980-åra endra situasjonen seg. Statsleiaren i Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov, innførte demokratiske reformer (glasnost og perestrojka) som skapte politisk tøvêr i Aust-Europa. I 1989 kom det folkelege protestar mot politisk undertrykking i Polen og Ungarn, og i austtyske storbyar tok demonstrantar til gatene.

9. november 1989 vart Berlinmuren opna for fri ferdsel, og snart etter riven. I 1990 vart Aust-Tyskland og Vest-Tyskland juridisk sameinte. Jernteppet var borte.