Frå Allkunne:
Dagfinn Mannsåker, historikar og riksantikvar. Han gjorde ein viktig innsats for å byggje nytt riksarkiv på Kringsjå i Oslo.
Dagfinn Mannsåker var fødd i Ullensvang 30. juni 1916 og døydde i Oslo 16. juli 1994. Etter realartium valde han filologistudiet og tok embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1945, med historie hovudfag. I 1955 vart han dr.philos. I 1945–50 var Mannsåker adjunktstipendiat i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo, deretter forskingsstipendiat. Frå 1954 var han lektor ved Aars og Voss skole og i 1959–65 universitetslektor i historie ved Universitetet i Oslo. I 1965–82 var han riksarkivar. Som historikar arbeidde Mannsåker særleg med 1800-talet. Alt i hovudfagsoppgåva om Jacob Aall kom denne interessa til uttrykk. I tida som stipendiat var han med på å gi ut den tekstkritiske utgåva av skriftene til lekmannsleiaren Hans Nielsen Hauge. Dei kom i åtte band frå 1947. Doktoravhandlinga Det norske presteskapet i det 19. hundreåret. Sosialhistoriske studiar var ein svært grundig analyse av rekrutteringa til presteskapet og vert omtalt som eit pionerarbeid i norsk sosialhistorie. Den største oppgåva som riksarkivar var reisinga av Riksarkivet på Kringsjå. Bygget stod ferdig i 1978. Han hadde mange tillitsverv og administrasjonsoppgåver, mellom anna var han redaktør for Historisk Tidsskrift 1955–70 og formann i Den norske historiske forening 1966–72. Vidare var han styreleiar for Noregs musikkhøgskole i ti år frå opprettinga i 1972. Sjølv var han ein habil cellist. Han hadde studert ved Musikkonservatoriet i Oslo og var aktiv orkestermusikar gjennom mange år. Mannsåker var òg aktiv i målrørsla. I 1958–61 var han formann i Bærum Mållag og i 1960–64 leiar i Kringkastingsringen. For innsatsen for norsk kulturliv vart han heidra med St. Olavs Orden av 1. klasse i 1983. Dagfinn Mannsåker var bror til KrF-politikaren Bergfrid Fjose.
---
Dagfinn Mannsåker var en norsk historiker.
Mannsåker ble dr.philos. i 1955 på avhandlingen Det norske presteskapet i det nittande hundreåret. Sosialhistoriske studiar. Etter stipendiater var Mannsåker lektor i årene 1954–1959, universitetslektor i historie ved Universitetet i Oslo i 1959–1965 og riksarkivar i 1965–1982. Han var mangeårig redaktør av Historisk Tidsskrift, medarbeider i flere andre tidsskrifter og Norsk Biografisk Leksikon.
Dagfinn Mannsåker var bror av Bergfrid Fjose.