Ш (majuskel), ш (minuskel) er ein bokstav i det kyrilliske alfabetet.
Faktaboks
- Også kjend som
-
sja, sha, ša
gamalkyrillisk namn: ша (ša, sja)
Dei kursive formene er Ш, ш.
Ш, ш vert transkribert til latinske bokstavar som sj i norsk, svensk og dansk, sh i engelsk, ch i fransk, sch i tysk, š i vitskapleg (ISO 9) transkripsjon.
Minuskel kursiv ш ser ut som ein latinsk bokstav minuskel kursiv m snudd opp ned eller ein kyrillisk bokstav minuskel kursiv т (т, te) snudd opp ned.
Ш, ш, Ш, ш må ikkje forbytast med den kyrilliske bokstaven Щ, щ, Щ , щ (sjtsja).
Rekkjefylgda i ulike kyrilliske alfabet:
språk | rekkjefylgd |
---|---|
belarusisk | 27. |
bulgarsk | 25. |
makedonsk | 31. (siste bokstav) |
russisk | 26. |
serbisk | 30. (siste bokstav) |
ukrainsk | 29. |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.