Ф (majuskel), ф (minuskel) er ein bokstav i det kyrilliske alfabetet.
Faktaboks
- Også kjend som
-
ef, fe
gamalkyrillisk namn: фрьтъ (frĭtŭ)
Dei kursive formene er Ф, ф.
Ф, ф vert transkribert som f i norsk og andre språk skrivne med det latinske alfabetet.
Majuskel Ф er er grafisk identisk med den greske bokstaven majuskel Φ (fi), og minuskel ф har både overlengd og underlengd.
Rekkjefylgda i ulike kyrilliske alfabet:
språk | rekkjefylgd |
---|---|
belarusisk | 23. |
bulgarsk | 21. |
makedonsk | 26. |
russisk | 22. |
serbisk | 25. |
ukrainsk | 25. |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.