Ж (majuskel), ж (minuskel) er ein bokstav i det kyrilliske alfabetet.
Faktaboks
- Også kjend som
-
zje, zhe, že
gamalkyrillisk namn: живѣтє (živĕte,zjivĕte) ‘lev! (imperativ 2. person fleirtal)’
Dei kursive formene er Ж, ж.
Ж, ж vert transkribert til latinske bokstavar som zj i norsk og svensk, sj i dansk, zh i engelsk, j i fransk, sch i tysk, ž i vitskapleg (ISO 9) transkripsjon.
Rekkjefylgda i ulike kyrilliske alfabet:
språk | rekkjefylgd |
---|---|
belarusisk | 8. |
bulgarsk | 7. |
makedonsk | 8. |
russisk | 8. |
serbisk | 8. |
ukrainsk | 9. |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.