Øyer er ein tettstad i Øyer kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 477 innbyggjarar (2023).
Øyer ligg på austsida av Lågen 20 km nord for Lillehammer. Her ligg kommuneadministrasjonen i Øyer. Øyer kyrkje ligg i lia ovafor tettstaden. Det går bru over Lågen til grender og næringsområde på vestsida. Ved Øyer sentrum er Lågen brei og stilleflytande og kallast Gillebufjorden (nord for brua) og Jemnefjorden (sør for brua).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.