Det er tettast busetjing rundt nordenden av Øre (Ørevatnet) med administrasjonssenteret Kyrkjebygda (60 prosent av innbyggartalet i kommunen i 2020). Det er meir spreidd busetjing i dalføret til Litlåna i søraust (ni prosent), likeins i Vestredalen (dalføret til elva Monn, med fire prosent) og i Austredalen (nedre del av dalføret til Logna, med 15 prosent). Resten av innbyggarane i kommunen, omkring tolv prosent, finn vi i områda lengst nordaust, rundt det øvre løpet av Logna med Lognevatnet. I dei store heietraktene i vest og nord i kommunen bur der ikkje folk. Kommunen har ikkje tettstader, og av kommunane i Agder er det berre tre andre – Hægebostad, Valle og Iveland – som ikkje har tettstader.
Med unntak av 1930- og 1940-talet og siste del av 1960-talet hadde Åseral nedgang i folketalet fram til rundt 1990. Då var folketalet berre så vidt over 800. Til samanlikning hadde Åseral 1447 innbyggjarar ved overføringa til Vest-Agder i 1880. Etter 1990 har folketalet i kommunen stort sett vore i vekst, i tiårsperioden 2010–2020 gjennomsnittleg 0,2 prosent årleg, mot 1,0 prosent i Agder samla sett.
Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det ingen tettstader i kommunen. Definisjonen av ein tettstad er at det er minst 200 innbyggjarar og at det er mindre enn 50 meter mellom husa.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.