Åndalsnes Avis er ei norsk lokalavis som kjem ut i Åndalsnes, på papir to gonger i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa dekkjer Rauma kommune, og er eigd av Polaris Media AS.
Åndalsnes Avis
Faktaboks
- Offisielt namn
- ÅNDALSNES AVIS AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Åndalsnes
- Stifta
- 15.07.1983
- Dagleg leiar
- Trond Arvid Alund
- Styreleiar
- Ole Bjørner Welde

Digitalt
Åndalsnes Avis produserer jamleg podkast («Raumapodden»). Avisa hadde i fjerde kvartal 2023 registrert i gjennomsnitt 6866 daglege lesarar på papir og nett, etter opplysningar frå Mediebedriftenes Landsforening.
Historie

John N. Larsen overtok som redaktør etter faren i 1935 og sat på redaktørkrakken heilt til 1982. Han hadde god hjelp av broren Rolf Larsen som var sjef for avisas eige trykkeri.
Åndalsnes Avis kom i spora til Raumabana, og blei etter kort tid einerådande på staden. Det første nummeret av Aandalsnes Avis kom ut på Åndalsnes 10. august 1926 og skulle ifølgje undertittelen vere «Et Blad for indre Romsdal». Dette var to år etter at Raumabana var blitt opna og hadde gjort tettstaden Åndalsnes til eit regionsenter.
Utgivar og redaktør for den nye avisa var boktrykkjar John L. Larsen, som hadde etablert sitt eige trykkjeri på Åndalsnes. Han ville gi ut ei avis med «fyldig lokalt nyhetsstof» og eit diskusjonsforum for folket i regionen. Aandalsnes Avis kom ut tre gonger i veka og blei godt motteken. Allereie etter eit par månader måtte den etablerte avisa på staden, Jordbrukeren, leggjast ned. Men også den nye avisa prioriterte jordbruksstoff, naturleg nok sidan dei fleste lesarane i området var bønder.
Etter berre ein månad kunne avisa i ein eigenannonse fortelje at ho «allerede nu er et av de mest læste blad i indre Romsdal». Også i åra framover ser avisa ut til å ha hatt ein stabil vekst. John L. Larsen dreiv avisa fram til 1935. Då overtok sonen John N. Larsen, som dreiv avisa heilt til 1982. I 1951 blei Aa- i avisnamnet skifta ut med Å-.
I dei dramatiske aprildagane i 1940 blei også Åndalsnes Avis ramma av den tyske bombinga. I jubileumsnummeret 10. august 1976 blei dette skildra slik: «Det siste nummer ble utgitt den 20. april under bomberegnet, mens vinduene i huset var blåst ut og personalet stadig måtte legge seg på gulvet eller søke nærmeste beskyttelsesrom».
Avisa greidde likevel å kome ut i nye lokale, og ikkje berre det: Sidan det då var britiske styrkar på staden, kom avisa også ut i engelsk utgåve, truleg som den einaste avisa i landet. Sidan radioen ikkje fungerte, blei heile opplaget rive bort – inntil tyskarane fekk full kontroll også over Åndalsnes. Då andre verdskrigen var slutt, kunne avisa halde fram som før som den leiande avisa i sitt distrikt.
Ved årsskiftet 1982–1983 blei avisa kjøpt opp av Romsdals Budstikke AS og gjekk over til tabloidformat. Litt seinare i 1980-åra overtok Dagbladet aksjemajoriteten i Romsdals Budstikke, men i 1991 trekte Dagbladet seg ut frå regionen, og Orkla Media (seinare Edda Media) overtok selskapet, med dei tre avisene Romsdals Budstikke, Åndalsnes Avis og Driva. I 2009 blei desse avisene kjøpte av Polaris Media.
Opplag
Opplagstall for Åndalsnes Avis, 1986-2023
1986 | 3812 |
---|---|
1988 | 4227 |
1990 | 4184 |
1991 | 4261 |
1992 | 4335 |
1993 | 4336 |
1994 | 4315 |
1995 | 4304 |
1996 | 4253 |
1997 | 4258 |
1998 | 4201 |
1999 | 4193 |
2000 | 4188 |
2001 | 4124 |
2002 | 4137 |
2003 | 4092 |
2004 | 4111 |
2005 | 4101 |
2006 | 4125 |
2007 | 4125 |
2008 | 4119 |
2009 | 4035 |
2010 | 3891 |
2011 | 3830 |
2012 | 3721 |
2013 | 3646 |
2014 | 3571 |
2015 | 3452 |
2016 | 3330 |
2017 | 3318 |
2018 | 3475 |
2019 | 3502 |
2020 | 3492 |
2021 | 3374 |
2022 | 3438 |
2023 | 3529 |
År | Opplag |
---|---|
1932 | 1000 |
1950 | 2500 |
1970 | 2300 |
1983 | 3330 |
1993 | 4336 |
1998 | 4201 |
2006 | 4125 |
2008 | 4119 |
2009 | 4035 |
2012 | 3721 |
2016 | 3047 |
2017 | 3318 |
2020 | 3492 |
2022 | 3438 |
2023 | 3529 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala for papiravisa. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, etter opplysningar frå Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta

- Fyrste nummer vart utgitt 10.8.1926.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.