Åmot er ein tettstad i kommunane Vinje og Tokke i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,1 km², og har 725 innbyggjarar (2023); 98,8 prosent i Vinje, 1,2 prosent i Tokke.
Åmot er administrasjonssenter i Vinje kommune i Telemark, og ligg ved elvemøtet mellom Tokke og Vinjeåi, ved E134 cirka 25 km nord for Dalen.
Åmot er eit industriområde med mellom anna trevareindustri og verkstadindustri. Åmot er eit trafikknutepunkt, med møte mellom vegane E134 Haugesund–Drammen, fylkesveg 37 Åmot–Tinn–Kongsberg og fylkesveg 38 Åmot–Dalen– Kragerø. Bussruta Haukeliekspressen Haugesund–Oslo går gjennom Åmot.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.