Komplementsystemet er ei gruppe protein som høyrer til det medfødde immunforsvaret, og som bidreg til å kjempe imot infeksjonar gjennom å fremje betennelse og uskadeleggjere smittestoff.
Proteina som utgjer komplementsystemet, finst vanlegvis i ei inaktiv form i blodet. Mange av proteina er proteasar, det vil seie ein type enzym som kan spalte andre protein i to eller fleire mindre bestanddelar. Ved ein infeksjon vil enkelte av proteina bli aktiverte, og deretter spaltar og aktiverer dei andre komplementsprotein i ei nøye regulert rekkjefølgje. Aktiverte komplementsprotein har fleire roller i immunforsvaret:
- Dei bind seg til og «merkjer» smittestoff (til dømes bakteriar), og deretter bind dei seg til immunceller som kan drepe smittestoffet.
- Dei verkar som sporingsstoff, slik at immunceller finn fram til infeksjonsområdet.
- Dei bidreg til at immunceller slepper ut molekyl som fremjar betennelse.
- Dei drep smittestoff ved å lage hol i membranen til smittestoffet.
Det finst fleire sjukdommar som er knytte til komplementsystemet. Til dømes vil mangel på eitt eller fleire komplementsprotein kunne føre til auka risiko for infeksjonar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.