Hamstrings er ein gruppe musklar på baksida av låret som forbind sitjebeinsknuten i bekkenet med knoklane i leggen. Musklane strekkjer hofteleddet og bøyer kneleddet.
Det finst tre hamstringsmusklar: musculus semimembranosus, musculus semitendinosus og musculus biceps femoris. Dei får nerveforsyninga si frå nervus tibialis.
Det er ganske vanleg å få strekk i hamstrings i idrett med brå og kraftig muskelbruk, til dømes blant fotballspelarar og sprintarar. Musklane kan ein styrke ved øvingar der ein kombinerer hoftestrekk med knebøy, til dømes sykling.
![Hamstrings.](https://media.snl.no/media/40932/standard_compressed_hamstrings_ny2.png)
Hamstringsmusklane forbind sitjebeinsknuten i bekkenet med skinnebeinet og leggbeinet. Dei tre musklane er musculus semimembranosus, musculus semitendinosus (venstre teikning) og musculus biceps femoris (høgre teikning).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.