Trondenes kyrkje
Trondenes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Harstad | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Sokn | Trondenes | ||
Fellesråd | Harstad | ||
Lengd | Utvendig lengd: 36 m. m | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein (tretak) | ||
Innvigd | Ferdigbygd kring 1440 | ||
Kor | Utvendige mål: 13,5 x 11,5 m. | ||
Skip | Einskipa. Utvendige mål: 22,5 x 17 m. | ||
Kyrkjegard | Det er gravplass ved kyrkja | ||
Preikestol | Frå 1792 | ||
Døypefont | Romansk, truleg frå ei tidlegare kyrkje | ||
Altartavle | Tre alterskåp frå Lübeck 1400/1500-tal i kyrkja, i tillegg ei i Bergen museum | ||
Trondenes kyrkje 68°49′19″N 16°33′44″E / 68.822°N 16.5622°E | |||
Wikimedia Commons: Trondenes kirke |
Trondenes kyrkje er soknekyrkje for Trondenes sokn i Harstad kommune i Trondenes prosti. Kyrkja er den nordlegaste bevarde mellomalderkyrkja i Noreg og hovudverket i norsk seinmellomlalderkunst. Det var Svein Erikson, som var sokneprest i Trondenes frå 1427 og seinare dekan i Nidaros, som sytte for at kyrkje vart bygd[1]. Ho er den rikast ustyrte mellomalderkyrkja i Nord-Noreg, og ho har det høgaste bevarte kyrkjeskipet i ei norsk mellomalderkyrkje utom Nidarosdomen. Opp til toppen av vestgavlen er det 23 meter.
Kyrkja ligg på Trondenes, om lag tre kilometer nord for sentrum av Harstad, ein historisk stad med spor attende til vikingtida. Ein har lenge meint at kyrkja var bygd rundt 1250, men nyare forsking tydar på at ho er bygd på 1400-talet. Det er årringsprøvar av takverket som har gjort at ein har kome fram til at kyrkja truleg var ferdigbygd kring 1440. Kyrkja er bygd på eit område der det truleg tidlegare har stått trekyrkjer frå 1100-talet. Rundt kyrkja finst det restar av festningsverk. Formålet med det var truleg å verne kyrkja mot brutale russiske skatteinnkrevarar som verka i Finnmark og Troms på 1400- og 1500-talet.
I Noreg var det lite kyrkjebygging på 1400-talet. Det verkar vore noko økonomisk tilbakegang allereie før Svartedauden kom kring 1350, men Svartedauden og dei påfølgjande pestane førte til ein stor attendegang i folketalet og med det nedgang også i jordleiga kyrkja til ein stor del levde av. Dette vart i Nord-Noreg oppvoge av ein blømande tørrfiskhandel, og det er truleg tørrfiskpengar som har finansiert bygginga av Trondenes kyrkje.
Inventar
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja har heile tre altertavler i form av alterskåp laga i verkstaden til den kjende bileteskjeraren Bernt Notke[1] frå Lübeck. Dei er frå perioden slutten av 1400-talet til byrjinga av 1500-talet og står plaserte på dei tre altera øvst i koret. I tillegg er ei tilsvarande tavle teken vare på i Bergen museum og ei ved Historsk museum i Oslo[1].
Referansar
[endre | endre wikiteksten]Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Ekroll, Øystein, Stige, Morten, Havran, Jiri, Middelalder i stein 1. band i serien Kirker i Norge, Oslo 2000, ISBN 82-91399-09-3
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Trondenes kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Trondenes kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.