Taktart
Utsjånad
Taktart, takt eller metrum viser til mønster i musikk av betonte og ubetonte slag i taktar. Taktarten er eit skjelett for rytmen i eit musikkstykke, eller ein del av eit stykke.
Taktarten blir oppgitt først i eit stykke ved ein taktsignatur som viser talet slag per takt i tillegg til den rytmeverdien som utgjer slaget. Firefiredelstakt (4/4), der ein har fire slag med firedelsnoter per takt, er ein svært vanleg taktart, og blir ofte berre skriven som ein C. Trefiredelstakt er kjend for å brukast i vals.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «metrum – musikk» i Store norske leksikon, snl.no.
- «taktart» i Nynorskordboka.