Samleiestilling
Utsjånad
For menneske finst det mange ulike stillingar å ha samleie i. Desse varierer ut frå korleis dei som har samleie stiller seg i høve til kvarandre og om dei bruker støttemiddel, som ein madrass, ein vegg eller eit møbel.
Samleiestillinga har mykje å seia for korleis samleiet kjennest ut. I tillegg kan ulike stillingar ha ulike konnotasjonar som gjer dei meir eller mindre akseptable i ein viss kultur.
Ulike samleiestillingar
[endre | endre wikiteksten]- «Bakfrå» vil seie at kvinna lener seg framover eller står på alle fire medan mannen fører penis inn i henne bakfrå.
- «Misjonærstilling» er ei stilling der paret er vend mot kvarandre. Kvinna ligg på ryggen med mannen over.