Reinhold Messner
Utsjånad
Reinhold Messner | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 17. september 1944 (80 år) Brixen |
Yrke | oppdagar, politikar, skribent, fjellklatrer, filmregissør |
Språk | italiensk, tysk |
Politisk parti | Federazione dei Verdi |
Far | Josef Messner |
Mor | Maria Messner |
Ektefelle | Diane Schumacher |
Partnar | Sabine Stehle, Nena Holguin |
Nettstad | https://reinhold-messner.de/ |
Reinhold Messner på Commons |
Reinhold Andreas Messner (fødd 17. september 1944) er ein italiensk fjellklatrar, forfattar og politikar, fødd i Brixen i provinsen Bolzano. Morsmålet hans er tysk.
I 1978 klatra Messner og Peter Habeler til topps på Mount Everest, som dei fyrste utan oksygenflasker eller andre liknande hjelpemiddel. I 1986 vart Messner det fyrste mennesket som hadde vore på alle dei fjorten 8000 moh. høge fjelltoppane på kloten. Han var også den fyrste som åleine klatra til topps på ein 8000-metring; Nanga Parbat i 1978. I tillegg vart han i 1986 den andre som nådde til topps på dei såkalla Seven Summits.
Saman med Arved Fuchs gjekk han tvers over Antarktis i 1989/90. I 1993 gjekk han Grønland på langs og i 2004 kryssa han Gobi-ørkenen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Reinhold Messner» frå Wikipedia på tysk, den 1. april 2015.