Hopp til innhald

Neadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Neadalen er ein dal i Trøndelag fylke. Elva Nea renn gjennom dalen og ut i Selbusjøen. Neadalen omfattar dei to kommunane Tydal og Selbu. Største tettstader er Mebonden og Ås. Riksveg 705 går langs Nea gjennom dalen, frå Røros via Tydal til Selbu, forbi austre enden av Selbusjøen og over Selbuskogen til Lånke i Stjørdal.