Hopp til innhald

Merriam-Webster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Merriam-Webster

Skipa1831; 192 år sidan (1831)
MorselskapEncyclopædia Britannica Inc.
HovudkontorSpringfield, Massachusetts
LandUSA
Produktprogramvare, bok
Grunnleggjar(ar)Noah Webster
Nettstadhttps://www.merriam-webster.com/ (engelsk)

Merriam-Webster er eit amerikansk selskap som gjev ut oppslagsverk. Det er særleg kjend for ordbøkene sine.

Selskapet vart grunnlagd av brørne George og Charles i 1831 under namnet G & C Merriam Co. i Springfield i Massachusetts.[1] Då leksikografen Noah Webster døydde i 1843, kjøpte dei ut retten til An American Dictionary of the English Language. Nye og avleidde utgåver kom ut med namnet Webster . I 1964 vart selskapet kjøpt av forlaget bak Encyclopædia Britannica, som det no er ein del av. Det noverande namnet, Merriam-Webster, Incorporated, går attende til 1982.[1]

På 1980-talet byrja selskapet gje ut elektroniske oppslagsverk på CD-ROM. I 1996 opna det ein nettstad der ein kunne slå opp i nokre av oppslagsverka deira.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Merriam-Webster dictionary | History & Facts», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 1. januar 2019