Manuel Valls
Manuel Valls | |||
| |||
Fødd | 13. august 1962 (62 år) Horta | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Spania, Frankrike | ||
Parti | Parti socialiste (1980; 2017) | ||
Yrke | politikar, professions libérales et assimilés | ||
Utdanna ved | Université Panthéon-Sorbonne Lycée Charlemagne | ||
Mor | Luisangela Galfetti | ||
Far | Xavier Valls | ||
Ektefelle | Anne Gravoin, Nathalie Soulié, Susana Gallardo | ||
Alle verv |
|
Manuel Valls (fødd 13. august 1962) er ein fransk sosialistisk politikar som blei statsminister i Frankrike 31. mars 2014.[1]
Manuel Valls blei fødd i Barcelona og blei fransk statsborgar i 1982. Han var rådgjevar for statsminister Michel Rocard med ansvar for spørsmål knytt til ungdom frå 1988 til 1991. Frå 1997 til 1991 var han kommunikasjonsrådgjevar for statsminister Lionel Jospin.[2] Han var medlem av den franske nasjonalforsamlinga 2002–2012 og borgarmeister i Évry 2001–2012.
Manuel Valls var kandidat til å bli kandidaten frå sosialistpartiet til det franske presidentvalet i 2012. Han hamna på femteplass i første runde, og støtta kandidaturet til François Hollande i andre runde.[3] Med François Hollande som president frå 15. mai 2012 blei Valls innanriksminister i regjeringa til Jean-Marc Ayrault. Etter at Ayrault gjekk av blei han statsminister 31. mars 2014.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Décret du 31 mars 2014 portant nomination du Premier ministre», Journal officiel de la République française, nr. 0077, 1. april 2014.
- ↑ Qui est Manuel Valls, l'homme qui monte à gauche ? La Depeche, 9. mai 2012
- ↑ Primaire socialiste: les principales réactions Paris Match, 9.oktober 2011
- Denne artikkelen bygger på «Manuel Valls» frå Wikipedia på bokmål, den 23. desember 2014.