Hopp til innhald

Lifetime Friend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lifetime Friend
Studioalbum av Little Richard
Språk engelsk
Utgjeve 1986
Innspelt 1985-1986, London i England
Sjanger Rhythm and blues, soul, rock'n'roll
Selskap Warner Bros.
Produsent Stuart Coleman
Little Richard-kronologi 
God's Beautiful City
(1979)
Lifetime Friend Shake It All About
(1992)


Lifetime Friend er eit studioalbum av Little Richard frå 1986. Det var det første albumet hans på sju år etter gospelalbumet God's Beautiful City i 1979. Utanom eit par innspelingar i 1981, hadde ikkje Richard vore i studio i denne perioden, og i staden arbeidd som prest. Etter utgjevinga av sjølvbiografien hans, The Quasar of Rock and Roll i 1984, kom Richard igjen i søkelyset og byrja å bli respektert for bidraga sine til popmusikken som ein av grunnleggjarane av rock and roll.

Før Richard spelte inn Lifetime Friend, døydde mora Leva Mae. Richard hadde lova henne at han ville halde seg til kristendomen, så for dette albumet valde han spele inn rock and roll-songane med gospeltekstar, ein stil han kalla «message music» eller «messages in rhythm» (meldingar i rytme).[1] Ein song, «I Found My Way», inneheld ei blanding av rap og rock and roll.[1] Albumet vart hovudsakleg spelt inn i England, og kom ut på WEA i Europa og Warner Bros. Records i USA

Songen «Great Gosh A Mighty» var skriven av Richard og Billy Preston, og vart ein liten hit i USA etter han var med på filmmusikken til Down and Out in Beverly Hills.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Great Gosh A'Mighty»Billy Preston, Richard Penniman4:48
2.«Operator»Jesse Boyce4:52
3.«Somebody's Comin'»John David3:40
4.«Lifetime Friend»Jesse Boyce, Travis Wammack3:38
5.«Destruction»Jesse Boyce, Travis Wammack3:45
6.«I Found My Way»V.L. Brooks3:40
7.«The World Can't Do Me»Jesse Boyce, Richard Penniman3:48
8.«One Ray of Sunshine»Darrell Smith, Travis Wammack4:42
9.«Someone Cares»Richard Penniman4:30
10.«Big House Reunion»Travis Wammack4:05
  1. 1,0 1,1 White 2003, s. 273.