Klavikord
Klavikord | |||
| |||
Klassifisering | tangentinstrument, verkelege bordsiterar med resonanskasse | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 314.122-4-8 |
Eit klavikord er eit tangentinstrument som kling ved at metallstiftar oppå enden av tastane blir pressa mot strengene.
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Namnet klavikord kjem frå det latinske omgrepet clavis som tyder 'tast' og det greske ordet for streng, som er chorde. Instrumentet har eksistert i alle fall så tidleg som frå først på 1400-talet, og det var i normal bruk til inn på 1800-talet. Fram til midten av 1600-talet vart det bruka i heile Europa, gjennom 1700-talet var det vanlegast i Tyskland, og det fekk ei oppblomstring og stor utbreiing i Sverige i den siste 100-års perioden til det gjekk heilt or bruk. I Noreg var klavikordet utbreidd i byane og på større gardar. Det finst eit 20–30 tals instrument bevart frå perioden, mellom anna på Ringve Museum i Trondheim.
Klavikordet er hovudsakleg eit heimeinstrument, og på grunn av det låge lydnivået er det eit instrument som typisk har vorte bruka i mindre rom. Den spesielle spelemåten vart rekna som det beste utgangspunktet for å nærme seg dei andre tangentinstrumenta. Særleg organistar bruka ofte klavikordet som øvingsinstrument, og for denne bruken vart det òg bygd tomanuals klavikord. I realiteten var dette to separate klavikord der det eine kunne skyvast inn og ut som ei skuffe i det andre. Nokre klavikord hadde pedalsett i tillegg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Klavikord» frå Wikipedia på bokmål, den 24. desember 2006.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilde av klavikord: http://www.clavichord.info/